Viser arkivet for stikkord trening

BBIL med spinning og nytt vektrom!

Breimsbygda IL vil innan kort tid starte opp med spinning i stadionbygget. Vi har kjøpt inn 11 sykklar og vil gå igang med utdanning av instruktørar. Om det er nokon der ute som ynskjer å stille på som instruktør kan ein kontakte Kristin Daling Felde for meir informasjon. Det vil bli satt opp faste treningstider. Om ein har ynskje om eigne treningar (bedrifter, aldersgruper etc) kan vi og tilby dette.

Idrettslaget vil og innan kort tid oppgradere vektrommet ytterlegare med ein del nytt utstyr. Etter at vi flytta vektrommet ned i kjellaren har det vore stor aktivitet både av yngre og eldre utøvarar. Vektrommet er til disposisjon for alle som ynskjer å nytte det både på dagtid og kveldstid.
Begge desse tilboda vil være gratis for BBIL sine medlemmar.

BBIL med herrelag i volley!

Ivrige sjeler har den siste tida jobba for å få i gang eit herrelag i volleyball.

Det ser no ut som dei siste brikkene er på plass og ein stiller lag i 2. div. Etter 2 treningar denne veka med ´sann passe´ oppmøte, håpar vi at neste veke vil resultere i enda fleire på trening. Vi håpar og at vi får med eit par habile spelarar frå Fjellhug/Vereide då dei ikkje stiller lag i serien i år.

I tillegg til trening for herrelaget blir det (som vanleg) mix-trening kvar søndag frå 20.30 – 22.00. Treningstidene til herrelaget er ikkje 100% fastsett enda, men vi satsar på tysdag 20.30 samt onsdag 20.30 neste veke (i Breimshallen). Per Inge Seime og Vegar Sårheim vil ha ansvaret for treningane. Så om du føler for å spele volleyball er det berre å møte opp!

Breimsbygda Volley si nettside finn du her