Viser arkivet for stikkord spinning

Breimsbygda IL Studio

topp fb

Breimsbygda IL har kjøpt inn spinningsykklar og har oppgradert vektrommet i stadionbygget. Vi kjem til å utvide vektrommet med nytt utstyr innan kort tid. Men sykklane er på plass og første spinningtime er mandag. Vi har laga eigne nettsider kor man kan melde seg på spinningtimar, denne finn du her

BBIL med spinning og nytt vektrom!

Breimsbygda IL vil innan kort tid starte opp med spinning i stadionbygget. Vi har kjøpt inn 11 sykklar og vil gå igang med utdanning av instruktørar. Om det er nokon der ute som ynskjer å stille på som instruktør kan ein kontakte Kristin Daling Felde for meir informasjon. Det vil bli satt opp faste treningstider. Om ein har ynskje om eigne treningar (bedrifter, aldersgruper etc) kan vi og tilby dette.

Idrettslaget vil og innan kort tid oppgradere vektrommet ytterlegare med ein del nytt utstyr. Etter at vi flytta vektrommet ned i kjellaren har det vore stor aktivitet både av yngre og eldre utøvarar. Vektrommet er til disposisjon for alle som ynskjer å nytte det både på dagtid og kveldstid.
Begge desse tilboda vil være gratis for BBIL sine medlemmar.