Viser arkivet for stikkord senter

Eurofoto og Reed Foto inviterer til open dag

Eurofoto og Reed Foto, med sine fleire titals tilsette, kan reknast som to hjørnesteinsbedrifter på Reed. Heilt sidan starten av Reed Foto på midten av 90-talet, har det vore utvikla mange nye konsept og løysingar innan fagfeltet foto. Eit av varemerka har vore nyskapande tenking, og evne til å omsette tankar til gjerning. Der andre tenkt tanken, har bedriftene på Reed satsa med fullt fokus frå dag ein. Skal ein vere med i utviklinga, må ein satse friskt!

Då Eurofoto vart skipa i 2000, skjedde det mykje på Reed. Produksjonsteknikkar var endra, produktspekteret vart utvida, og talet på tilsette steig raskt for å halde følgje med auken i aktivitet. Sjølv med alt fokuset som har vore på dei to fotobedriftene på Reed, opplever vi stadig at folk ikkje heilt veit kva som skjer på huset.
Kva er eigentleg ulikskapen mellom Reed Foto og Eurofoto? Kven gjer kva? Og korleis får dei det eigentleg til?

Komande torsdag 11.juni mellom kl 14-18 gjer vi endeleg ein gamal ide til røyndom. Vi opnar dørene, og inviterer deg til å treffe oss som jobbar der. Du skal få vere med på prosessen under skapinga av produkt, gjerne med utgangspunkt i dine eigne bilete (ta med digitale filer på minnekort/minnepenn/cd).
- Lurer du på korleis ei fotobok vert produsert? Hjå oss får du følgje prosessen!
- Reed Foto brukar greenscreen-teknologi, og byttar ut bakgrunnen på biletet som vert teke; der og då!
Det vert òg spesielle tilbod på eit utval av våre produkt og tenester i høve anledninga.

Velkomen skal du vere til Reed senter! Vi sjåast!