Viser arkivet for stikkord sang

KVA ER DET MED BREIMSKORET?

Du finn ikkje eit amatørkor på Vestlandet som hadde greidd å fylle fire storsalar av Breimshall-format slik koret gjorde våren 08. Og dei har gjort det før – år etter år. Kva er det som dreg: Det kan du finne ut når koret har ny cabaret 19.-25. og 26. april.

Andre kor i fylket kan nok overgå dette koret musikalsk, i reinleik og presisjon. Sketsjane mellom sangnummera har vi vel og opplevd maken til i amatørrevyar. Likevel blir cabaretane i Breimskoret noko ekstra.

Og ikkje berre for Breimingar. Det er sjølvsagt triveleg å sjå naboen opptre offentleg. Går det bra med henne eller han, kan vi skamrose; går det dårleg så er ikkje skadefryd heller å forakte. Men skal koret i år igjen greie å samle publikum frå heile fylket, ja til og med frå nabofylka som sist vår?

Fram til første framsyning 19. april vil vi gjerne høyre frå dykk:
• Emnet i år er ”Veiret,” kan det vere noko å snakke (syngje) om?
• Kva er di meining om Breimskoret i notid og fortid?
• Har du nokre favoritt-minne frå cabaretane som har vore?
• Har du foto frå forestillingar som du kan dele med oss?