Viser arkivet for stikkord reed

Ønskje om fartsdumpar på Reed?

I dag då eg skulle reise frå Coop’en og mot Sandane, kom det ein utanlandsk lastebil i tett opp under 80 km/t dundrande gjennom sentrum. Vi veit alle kor dårleg sikten er i sentrum, og vi veit alle at dette her ikkje høyrer til sjeldenhetane.. Når ein ser på E39 – både i Lavik og på Sande, så har dei der fått plassert ut fartsdumpar som fungerar fint å passere i 50 km/t – utan større ubehag. Kjem derimot farten over 50, merkar du det såvel i tennene som i understellet. På bilen. I tillegg har jo Statens Vegvesen fjerna overgangsfeltet på Reed – fordi dei meinar at unge som eldre er meir påpasselege når dei skal krysse vegen der det IKKJE er mala slike striper. Eg er av den formeining at bilføraren har alt ansvar når det gjeld fokus på mjuke trafikkantar – og ved å fjerne overgangsfeltet har Statens Vegvesen nedjustert ansvaret hos bilistane. Eit skilt om overgangsfelt skal få det til å ringe i visse varselbjeller hos bilisten, og ein køyrer dermed meir årvåkent.

Med ein barnehage og ei stor bedrift på nordsida, og butikken, Gordon og Re-fjæra på sydsida av vegen, hadde det vore greit å vere sikker på at bilistane holdt fartsgrensa – då antal meter pr. sekund stig rimelig kjapt frå 50km/t til 80km/t. (13,9 meter pr. sekund til 22,2 meter pr. sekund). Det du trudde du hadde 5 sekundar på – treff deg i hofta etter 2 og eit halv sekund.. Aldri ein god følelse.

Så – ut i frå eit mjuk-trafikkant-perspektiv – kven støttar eit krav om fartsdump i sentrum på Reed? Er dette noko heile krinsen stiller seg positive til? Og skal ein då fremje eit krav/ønskje til Statens Vegvesen om ein fartsdump? Og i så tilfelle – kven fremjar kravet? Reed Utviklingslag? Breim Bygdeungdomslag? Heile krinsen samla under eitt? At strekningen gjennom Reed sentrum er eit problemområde fartsmessig, ser ein jo på hyppigheten av fartskontrollar med særs ujamne mellomrom.. Eg trur rekorden eit år var 4 kontrolldagar på ei veke. Men det har ingen preventiv effekt – men skaffar nok likevel ei viss inntekt til Staten.

Kjære bygdafolk, vi har gode nyhende..

Eg vil gjerne få informere om at frå i dag, 19.11.2009 har Rekroa fått nye eigarar. Adem Demirtas og Vahdetin Harman er nok kjente ansikt for dei fleste som har vore innom Mona Lisa på Sandane, og dei vil no utvide sitt nedslagsområde ved å starte opp ei avdeling på Reed.

Adem og Vahdetin vil bruke samme gode konsept på Reed som dei har på Sandane, samt at dei vil knytte til seg lokale krefter for å kunne tilby kaker og litt norsk husmannskost.

Vi vonar bygdafolket har sakna ein stad å møtast, og at dei to blir tatt godt i mot i bygda, og vi ønskjer Adem og Vahdetin lukke til framover.

Kven veit, kanskje blir det anledning til å leske seg allereie i romjula….

Tenning av julegran på Reed

Breim Bygdeungdomslag vil få invitere store og små til tenning av julegrana på Reed laurdag 5.desember klokka 17:00.

I samband med tenninga inviterar vi til julebingo for dei største og juleverkstad for dei minste i Breimshallen frå klokka 14:30. Etter julebingoen vert det satt opp gratis hesteskyss for dei minste frå Breimshallen til Reed, i samarbeid med Norsk Fjordhestgard.

Etter tenninga vert det anledning for dei som har lyst, å få seg ein sledetur rundt i Reed sentrum – og kanskje dukkar det opp ein nisse eller to.. Coop held ope til kl. 18:00, og serverar gløgg.

5.dagsfest i Breimshallen

Tradisjonen tru, skal det arrangerast 5.dagsfest i Breimshallen – og i år har vi fått Spik Adel frå Bremanger til å stå for dansemusikken.

Så det er i høgste grad på tide å pusse støvet av danseskoa og restane av julematen frå dressen, for dette blir ein real folkefest!

Vi treng sjølvsagt vakter til festen, og vonar at folk som blir spurt, seier ja for å bidra litt til felleskapet!

Meir informasjon om prisar, tider og anna kjem fotløpande – men sett i alle fall av DAGEN! 5.juledag – 29.desember.

Spik Adel

Velkommen i Breimshallen denne kvelden!

Eurofoto og Reed Foto inviterer til open dag

Eurofoto og Reed Foto, med sine fleire titals tilsette, kan reknast som to hjørnesteinsbedrifter på Reed. Heilt sidan starten av Reed Foto på midten av 90-talet, har det vore utvikla mange nye konsept og løysingar innan fagfeltet foto. Eit av varemerka har vore nyskapande tenking, og evne til å omsette tankar til gjerning. Der andre tenkt tanken, har bedriftene på Reed satsa med fullt fokus frå dag ein. Skal ein vere med i utviklinga, må ein satse friskt!

Då Eurofoto vart skipa i 2000, skjedde det mykje på Reed. Produksjonsteknikkar var endra, produktspekteret vart utvida, og talet på tilsette steig raskt for å halde følgje med auken i aktivitet. Sjølv med alt fokuset som har vore på dei to fotobedriftene på Reed, opplever vi stadig at folk ikkje heilt veit kva som skjer på huset.
Kva er eigentleg ulikskapen mellom Reed Foto og Eurofoto? Kven gjer kva? Og korleis får dei det eigentleg til?

Komande torsdag 11.juni mellom kl 14-18 gjer vi endeleg ein gamal ide til røyndom. Vi opnar dørene, og inviterer deg til å treffe oss som jobbar der. Du skal få vere med på prosessen under skapinga av produkt, gjerne med utgangspunkt i dine eigne bilete (ta med digitale filer på minnekort/minnepenn/cd).
- Lurer du på korleis ei fotobok vert produsert? Hjå oss får du følgje prosessen!
- Reed Foto brukar greenscreen-teknologi, og byttar ut bakgrunnen på biletet som vert teke; der og då!
Det vert òg spesielle tilbod på eit utval av våre produkt og tenester i høve anledninga.

Velkomen skal du vere til Reed senter! Vi sjåast!

Breimstafetten 2009

breimstafett

Alt er klart for Breimstafett nr. 71. BBIL håpar på god deltaking og mykje publikum.
Program:
• 13.00 Defilering
• 13.30 Kraftprøva sponsa av SFE
• 14.00 Start Gutar
• 14.15 Start Jenter
• 14.30 Konglestafetten sponsa av Sparebanken Sogn og Fjordane
• 14.50 Opa Klasse
• 15.00 Start Herre Veteran og Superveteran
• 15.10 Start Dame
• 15.25 Start Herre

Påmeldingsfrist er 1. mai!

Kva no, Reed?

No når kommunestyret har gjort vedtaket dei fleste av oss frykta, så sit vi igjen i eit vakuum. Gloppen kommune har gjort sitt for å gjere gull til gråstein, så no blir utfordringa å snu dette og gjere gråstein til gull igjen.

Så, kva kan Reed tilby tilflyttarar som vurderar det kommunen kallar utviklingsområdet i Gloppen? Sjølvsagt ut over utsikten over Breimsvatnet, den flotte båthavna, nærbutikk og kjekke folk..

Er det på tide at Reed utviklingslag blir “befolka” av alle frå Reed? Med tanke på å utvikle dei positive tinga ein har å spele på – og ikkje berre snakke om det? Eg tenker på re-fjæra, sentrum, barnehageområdet (Reed skule), elva, byggefelta, Breimshallen, fjordhestgarden.. Her er det mange ting å ta tak i!

Orkar vi å ta dette taket før 01.08.2009?


(Biletet er skamlaust knabba av ein framifrå fotograf – Runar Sandnes)

Kjære sambygding!

I ei undersøking blant skule- og barnehageforeldre på Reed, viser det seg at 85% vil ha ein framtidig skule på Reed! Difor vil vi vise at vi står samla om framtidig skulegang ved Reed skule – som dagens skule eller som småskule med 1. til 4.klasse. Og då treng vi hjelp frå deg og dine. Vi vil samle minst 85% av innbyggjarane på Reed ved Reed skule måndag 16.03 klokka 16:30 – og vise at vi står samla i vårt krav om å behalde skulen i bygda!

Vi skal saman vise Gloppen Kommunestyre at det kan gjerast like gode innsparingar på VÅRT forslag, som på Rådmannen sitt – utan å endre skulestrukturen i Breim nevneverdig!

MØT OPP!

Norsk Country Treff 2009

Sidan Firda og NRK S&Fj. ikkje hadde høve til delta på gårsdagens pressekonferanse for å dekke fylkets største kulturarrangement vil eg gjerne gjengje litt av innhaldet som blei presantert. Som det vert referert til i dagens avis satsar festivalen på å forbedre seg ytterlegare på vakthald for å kunne luke ut uønska hendingar. Frå før brukar festivalen store ressursar på å leige inn profesjonelle vakter samt politi. For 2009 vil ein bruke endå større ressursar for å auke kvaliteten for våre gjester ytterlegare.
Ein satsar og på og ha større fokus på miljøet og har inngått eit samarbeid med Gloppen Kommune og SFE for å få på plass sertifiseringa ´Miljøfyrtårn´. Dette er noko ein vil jobbe med både på kort sikt og med eit lenger tidsperspektiv. På pressekonferansen blei det presantert tal for 2008, noko som viste solid økonomi og god publikumsvekst.
For årets arrangement vart og presantert nye konsept. Ein satsar blant anna på Barnas Countrytreff. Dette er eit eige opplegg for born i barnehage og grunnskule -alder. Arrangementet vert i Trivselshagen i samarbeid med Gloppen Folkebibliotek fredag 10. juli. Dette er ei vidareutvikling av fjorårets ´Blågress for smågress´ som vart ein stor suksess i 2008. Festivalen vil og lage eit opplegg for dei eldre i kommunen men eigne arrangement på Gloppen Sjukeheim og bukollektiva i Breim og Hyen.
Du finn meir informasjon på Sunmørsposten sine nettsider her
Vi reknar og med at Firda Tidend har fyldig reportasje i mandagens avis.

NCT logo

43 år gammal slitar i skumringa på Reed den 6.mai 2008..