Viser arkivet for stikkord nærbutikk

Nærbutikken

Nærbutikken (og annna handelstand) er ilag med skule, barnehage og fritidsaktivitetar livsnærven i nærmiljøet på mindre plassar. Vil vi som jobbar andre stadar ha vår nærbutikk og liv i det nære samfunn, må vi faktisk vere beviste våre handingar, ikkje berre i ord men i gjerning. Men som eg har nemt i tidlegare innegg(vedr.skuledebatten), er mange ting til ei viss grad avhenig av kvarandre, der folk skyssar ungar, har andre aktivitetar, stoppar ein gjerne og gjer handelen og? Omsetnad og antal individ som brukar både butikk og aktivitetar ellers, er det som fortel om det er liv laga. Sånn sett har dei forskjellege organisasjonane i bygda vår også eit ansvar, med å prøve å fordele dei forskjellege aktivitetane/møter o.l mellom dei to bygdesentra på ein likeverdig måte. Førstkomande laurdag blir det bestemt om Breimsbygda IL får NM-friidrett i 2011, skal vi gjennomføre det, er det avhengig av ei samla bygd, så ikkje skulestrid og andre dreiingar av aktivitetar splittar oss, slik som det faktisk har skjedd andre plassar.