Viser arkivet for stikkord musikk

KVA ER DET MED BREIMSKORET?

Du finn ikkje eit amatørkor på Vestlandet som hadde greidd å fylle fire storsalar av Breimshall-format slik koret gjorde våren 08. Og dei har gjort det før – år etter år. Kva er det som dreg: Det kan du finne ut når koret har ny cabaret 19.-25. og 26. april.

Andre kor i fylket kan nok overgå dette koret musikalsk, i reinleik og presisjon. Sketsjane mellom sangnummera har vi vel og opplevd maken til i amatørrevyar. Likevel blir cabaretane i Breimskoret noko ekstra.

Og ikkje berre for Breimingar. Det er sjølvsagt triveleg å sjå naboen opptre offentleg. Går det bra med henne eller han, kan vi skamrose; går det dårleg så er ikkje skadefryd heller å forakte. Men skal koret i år igjen greie å samle publikum frå heile fylket, ja til og med frå nabofylka som sist vår?

Fram til første framsyning 19. april vil vi gjerne høyre frå dykk:
• Emnet i år er ”Veiret,” kan det vere noko å snakke (syngje) om?
• Kva er di meining om Breimskoret i notid og fortid?
• Har du nokre favoritt-minne frå cabaretane som har vore?
• Har du foto frå forestillingar som du kan dele med oss?

Byrkjelo Musikkverkstad tar i mot fleire brukarar

Det vart tidlegare annonsert at Byrkjelo Musikkverkstad ønskar seg nye brukarar. Det vart ikkje noken respons, kanskje for det at tidspunktet var på samme tid som en del andre arrangemang.
Eg/Vi ønskar at dei som har lyst tar kontakt. Det vil og være en fordel om det er voksne som har lyst til å være med.

Helsing Kurt.