Viser arkivet for stikkord leir

Nordisk 4h leir 2009 Sogn og Fjordane

Nordisk 4h leir 2009 i Sogn og Fjordane
Sogn og Fjordane 4h skal 22-29 juli 2009 arrangere Nordisk 4h Leir på Norsk Fjordhestgard. Berre ei og ei halv veke etter at Norsk Country Treff 2009 er arrangert brakar det laust igjen, då vi ventar mellom 1500-2000 ungdomar mellom 14 og 20 år frå heile norden og andre delar av verda til Sogn og Fjordane.
Alle som kjenner til 4h veit at dette er eit alkoholfritt arrangement, der ungdommar samlast ei heil veke for å få opplevelsar, lære noko nytt, ha mykje moro og for å bli kjend med ungdomar frå andre land og kulturar. Dette er som namnet tilseier ein leir meint hovedsakleg for ungdomar frå dei nordiske landa, 4h Sogn og Fjordane meiner at ein må prøve å auke forståelse og få samhald på tvers av landegrenser språk og kulturar, og har difor invitert ungdomar frå andre delar av europa,afrika og amerika til å få oppleve det flotte fylket vi har å vise fram.
Ein av grunnane til at Breim blir base for leiren er området/arenaen som er bygd opp rundt Norsk Fjordhestgard, der mykje allereie er klart for bruk. Samstundes ligg det sentralt i fylket og ut av programmet kan ein sjå at vi har tenkt å ta heile fylket i bruk då deltakarane skal reise ut av leiren fredag. Då skal dei gruppevis oppleve kvar sin del av fylket der kommune, 4h nemnd eller lokale 4h klubbar skal vise 4h-arar kva dei er stolte av, og vil vise fram. Her skal det også vere overnatting, før deltakarane kjem tilbake til leiren laurdag ettermiddag.
Søndag blir det open dag der alle som har ynskje om å få eit innblikk i kva ein gjer på ein 4h leir, kan komme og oppleve nettopp det,på kvelden kjem Surferosa for å skape stemning, også den er open for publikum.
Fjella rundt leirområdet vil og bli utforska av ivrige ungdomar, før leiren blir avslutta med tevlingsdag.

4h Sogn og Fjordane meiner at dette er ein god mulegheit for bedrifter og lag i Breim og bygdene rundt til vise seg fram for eit publikum frå fleire delar av verda.

Etter eit stort dugnadsløft som Norsk Countrytreff er for heile nærområdet, håpar vi det framleis er krefter igjen til å gje også oss ei hjelpande hand.

For meir informasjon: nordisk 4h leir