Viser arkivet for stikkord laksefiske

Har du ein gammal Bergheim-sluk ?

Det er ei stor glede å kunne fortelje at Bergheim-sluken er i produksjon att.

Sluken vart utvikla av Anders Bergheim i 1936 i Flekke-/Guddalsvassdraget.
Han vart seld over heile landet fram til 1960. I 1987 døde Alf Bergheim, son til oppfinnaren,
og eg tok over Bergheimsluken av to grunnar. Bergheimsluken fisker godt og ikkje minst,
det handler om å ta vare på lokal kulturhistorie.

Bergheim-sluken vert no levert med splittringar frå Søvik og Mustad krok 7794DS.

Bergheimsluken finst i blank og kopar.

Koparvarianten er ein spesiell sluk. Let du han ligge ute i hagen i 2 døgn, vert han mørkare og flekkete.

Denne lite tiltalande fargen for eit menneskeleg auge, har eg teke utallige laksar på. Vil du ha han skinande blank att, pusser du han med litt stålull.

Bergheimsluken finst i 3 lengder.

Kopar: Stor i vektene 41- og 34 gr. Rekorden er laks på 26 kg teken i Gloppenelva.
Blank: Stor i vektene 29- og 22 gr. Sluken i 22 gr. er dorgesluken.
Blank: Medium i vektene 24- og 15 gr. Sluken i 24 gr. passer i djupare kulpar.
Blank: Liten i vektene 14- og 11 gr. Sluken for stor kjø/ørret. Rekorden er 8,1 kg teken på Byrkjelo.

Bruk av Bergheimsluken.

Bergheimsluken skal fiskast med sakte fart.
Mitt beste råd er å stå nederst i hølen og kaste oppover elva. Du sveiver så roleg og let sluken bevege seg med strømmen nedover. Han vil då passere alle fiskane som står der. Dei vil sjå sluken fordi dei står med hovudet vendt oppover elva.

Bergheimsluken med 3 krokar.

Den opphavlege Bergheimsluken hadde 2 side-dreggar. Det var for å sikre ekstra god kroking. Laksen tek vanleg vis sluken på tvers. Vil du bruke fleire krokar, bør sidekrokane vere str. 6 eller mindre for å hindre at krokane hekter i kvarandre.

Fargen på Bergheim-sluken.

Den opphavlege hadde ei raud halvside. Seinare kom både raud og svart halvside.

Kulturhistorie.

Har du ein gammal Bergheim-sluk liggande, byter eg den i ein av ny utgåve om det er ynskjeleg.
Med gammal sluk meiner eg ein av dei handbanka utgåvene.
Eg synest det er viktig å kunne samle nok Bergheim-slukar for
å kunne dokumentere vår kulturhistorie retta mot sportsfiske.

Har du opplevingar/gode fiskehistorier med Bergheim-sluken, lat andre få høyre om dei !