Viser arkivet for stikkord løypestreng

Dei gamle løypestrengane i Breim.

Dei siste vekene har eg på ny møtt på fleire av dei gamle løypestrengane. Strengane som var strekte opp over i fjellsidene for å frakte ned til gards både gras og andre nødvendige råvarer som garden måtte hauste i fjellet. Dei fleste var tjukke strengar som no ligg nede på bakken som t.d. rett før feriste, forbi Egge(Styggefjellet). Fleire nytta dei vel og for å få inn graset frå bratte innmarksbøar, t.d. Kvellestad på Egge. På Strand inn forbi jølet, kor råsa mot Vora går oppover i lia. Då eg kom på retur ifrå Bergheim inn lia kom eg over ein artig streng. Den går opp lia, opp forbi rasteplassen i Strandaura. Langt oppe i lia heng den fortsatt høgt oppe i lufta. Eg mistenker nok at veksande tre har løfta den opp att og strekt den skikkeleg stram. Løypekatten heng fortsatt oppe i strengen som er av tvinna tjukk vaier. Ikkje ruste i det heile og den tynne vaieren ligg rett under på bakken nedover lia. Tenkte med meg sjølv på berre slitet som skulle til, for å i det heile å få denne vaieren motabakka.
Skulle vore interessant å vete litt meir om korleis desse strengane fungerte og historia kring dei.
Eksisterar det ei samla historie kvar i Breim dei var i bruk og kven som nytta dei. Bygdeboka…?
Lokal gardshistorie som sikkert veteranane veit ein del om…. eller?