Viser arkivet for stikkord klima

Klima i endring?

Erling Sande

Breim Bygdeutvilkingslag inviterar til temadag om klima i endring i
Breimshallen laurdag 9.januar kl.11.00-16.00.

Kva betydning kan det ha for bygda vår og folket som bur her?

Innleiarar:
Leiar av energi- og miljøkomiteen på Stortinget
Erling Sande
Professor ved Institutt for geovitenskap,Universitetet i Bergen
og forskar ved Bjerknessenteret for klimaforskning.
Atle Nesje
Leiar av Norges Miljøvernforbund.
Kurt Oddekalv
Professor kjemisk institutt,Universitetet i Bergen
Olav Kvalheim

Møteleiar Hans Jakob Reite
Kulturinnslag v/ Ole Andreas Førde
Matpause

Velkomne til god søje og friske debattar!

Atle Nesje — f.1956 i Olden, busett i Bergen. Dr. scient. 1990 og
professor i geologi ved Institutt for geovitskap ved Universitetet i
Bergen frå 1997. Han er knytt til Bjerknessenteret for klimaforsking.
Nesje har m.a. drive forsking på klima, isbrear og innsjøavsetningar i
Noreg, Storbritannia og det nordlege Canada. Han har gjeve ut fleire
bøker og eit stort tal artiklar om emna i internasjonale vitskapstidsskrift.
Nesje har leia fleire store forskingsprosjektinnan geologi, m.a. om alderen
på Jostedalsbreen og Folgefonna. Her fann han m.a. ut at Jostedalsbreen
ikkje er ein rest frå istida, men at breen var smelta heilt bort for kring
7500-6000 år sidan.

Kurt Willy Oddekalv — er ein norsk miljøvernar
og miljøaktivist, og leiar av Norges Miljøvernforbund. Han var tidlegare
leiar av Naturvernforbundet Hordaland, men trakk seg frå vervet i 1993,
etter intern uenigheit, og vart i juni same år ekskludert av landsmøtet i
Norges Naturvernforbund. Saman med andre utbrytare frå
Naturvernforbundet starta han Norges Miljøvernforbund i mai 1993.

Olav Kvalheim — Professor ved kjemisk institutt, Universitetet i
Bergen. Kvalheim høyrer til dei såkalla “klimaskeptikarane” blant forskarane.
Han har markert seg i media med kritikk av konklusjonane til FN
sitt klimapanel og spurt: “Er det riktig å ta avgjørelser basert på feilaktige
premisser, avgjørelser som i mange henseender fører unødvendige og
dyre hastetiltak som verken gagner miljøet eller befolkningen?”

Hans Jakob Reite — Fødd på Sunnmørskysten, busett i
Førde.Er sivilagronom frå Landbrukshøgskulen. Har vore informasjonssjef
på Sogn og Fjordane Teater, prosjektleiar, kulturarbeidar og politikar.
I dag mest kjend som kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. Snakkar
ofte med skrått blikk, likar kulturelle spenningar og er flyttbar i fylket.