Viser arkivet for stikkord fart

Ønskje om fartsdumpar på Reed?

I dag då eg skulle reise frå Coop’en og mot Sandane, kom det ein utanlandsk lastebil i tett opp under 80 km/t dundrande gjennom sentrum. Vi veit alle kor dårleg sikten er i sentrum, og vi veit alle at dette her ikkje høyrer til sjeldenhetane.. Når ein ser på E39 – både i Lavik og på Sande, så har dei der fått plassert ut fartsdumpar som fungerar fint å passere i 50 km/t – utan større ubehag. Kjem derimot farten over 50, merkar du det såvel i tennene som i understellet. På bilen. I tillegg har jo Statens Vegvesen fjerna overgangsfeltet på Reed – fordi dei meinar at unge som eldre er meir påpasselege når dei skal krysse vegen der det IKKJE er mala slike striper. Eg er av den formeining at bilføraren har alt ansvar når det gjeld fokus på mjuke trafikkantar – og ved å fjerne overgangsfeltet har Statens Vegvesen nedjustert ansvaret hos bilistane. Eit skilt om overgangsfelt skal få det til å ringe i visse varselbjeller hos bilisten, og ein køyrer dermed meir årvåkent.

Med ein barnehage og ei stor bedrift på nordsida, og butikken, Gordon og Re-fjæra på sydsida av vegen, hadde det vore greit å vere sikker på at bilistane holdt fartsgrensa – då antal meter pr. sekund stig rimelig kjapt frå 50km/t til 80km/t. (13,9 meter pr. sekund til 22,2 meter pr. sekund). Det du trudde du hadde 5 sekundar på – treff deg i hofta etter 2 og eit halv sekund.. Aldri ein god følelse.

Så – ut i frå eit mjuk-trafikkant-perspektiv – kven støttar eit krav om fartsdump i sentrum på Reed? Er dette noko heile krinsen stiller seg positive til? Og skal ein då fremje eit krav/ønskje til Statens Vegvesen om ein fartsdump? Og i så tilfelle – kven fremjar kravet? Reed Utviklingslag? Breim Bygdeungdomslag? Heile krinsen samla under eitt? At strekningen gjennom Reed sentrum er eit problemområde fartsmessig, ser ein jo på hyppigheten av fartskontrollar med særs ujamne mellomrom.. Eg trur rekorden eit år var 4 kontrolldagar på ei veke. Men det har ingen preventiv effekt – men skaffar nok likevel ei viss inntekt til Staten.