Viser arkivet for stikkord faglag

Breim Sau og geit.

Breim Sau og Geit er i gang med eit nytt arbeidsår. Nytt styre er på plass.
Nyvald leiar for laget er Vidar Sandal med nestleiar Janne Håheim, som og har ansvar for aktiviteten kring gjetarhund. Andre i styret er Reidar Sandal,sekretær og Lars Myklebust,kasserar. Styremedlemar er Jonfinn Bø og Atle Løvland. Varapersonar er Atle Støyva, Nils Even Bjørnarheim og Johnny Frøystad.
Laget har ei klar målsetjing om auka aktivitet i året som kjem. Laget ynskjer fleire medlemar i Breim. Vi ynskjer å informere betre om aktiviteten gjennom ei lokallagsside under NSG Sogn og Fjordane si nettside http://www.nsg.no/sfsg/ .
Laget har ansvar for å planlegge innsamling av ull som er ein viktig ressurs å kunne nytte på ein best mogeleg måte. I siste veka i mars planlegg vi eit fjøsmøte på dagtid. Tema for samlinga vert førebyggande planlegging av beitesesongen. Dyrlegen deltek og svarar på spørsmål i forhold til vaksiner, alveld og utfordringa med snyltarar og flugemakk på småfe. I midten av juni tilbyr vi medlemane å vere med på kadaversøk med hund i lag med resten av Gloppen og Jølster. Laga i Gloppen søker og om å få løyve til å kunne ta ut skaderev i fredningstid som påvist drep lam på beite. I slutten av Juli planlegg vi i lag med andre laga i Gloppen ein fjell tur frå Jardalen mot Nesstøylen. Vi legg samtidig inn ein fagdel med noko underhaldning, flakedans om kvelden og tilbod om overnatting til søndag. Styret håpar på god deltaking og fleire nye medlemar i tida framover.

Helsing styret i Breim Sau og Geit.