Viser arkivet for stikkord country

Country

Knutepunktstatus til Breim, Gratulerer!
Fint med val, då kjem det gjerne litt lekkasjar frå budsjettet :)

Opprydding før vinteren

Som dei fleste har fått med seg har det meir eller mindre regna sidan midten av juli.
Derfor har den siste oppryddinga etter Norsk Country Treff og 4H landsleiren vorte utsett i påvente av opphaldsvêr. Slik meldingane ser ut no er det håp om at det flotte haustvêret held ei stund.
Vi inviterer derfor til dugnad på Norsk fjordhestgard laurdag førstkomande frå 11.00 og utover eit par timar.´
Det som skal gjerast er hovudsakleg nedrigging av ein del gjerder samt rydding/påplass kjøyring av ein del utstyr.

Håpar mange har høve til å hjelpe til eit par timar!!

Country stjerna Alan Jackson oppfylte forventningane på Bergen Travpark 15 august

Whoes gonna fill their shoes sang George Jones på tidleg 80 talet, litt bekymra for framtida til den tradisjonelle country musikken når alla dei store hadde gått bort.
Det tok ikkje lange tida før Alan Jackson viste seg å vere en av kaliber, og som skulle ordne opp i bekymringa til George Jones. Alan Jacson var blitt inspirert av blandt anna George Jones, og ikkje berre han men tildømes Dwight Yokaham.
Eg vil med dette anbefale alle country elskarar å få med seg denne konserten, og billett salet er i gang.
So får eg håpe min store favoritt George Jones står dar neste gang.
(Han var gift med Tammy Wynette).

Etter Konserten.

Alan Jackson oppfylte forventningane og vel so det.
Bedøva av inntrykket han ga oss allereie i starten på konserten merka vi ikkje regnet når den store hiten etter den andre kom som pærler på ei snor.
Det må berre opplevast, ingen kan klare å stå i ro når en dansbar låt som “Pop a Top again” ljomar utover ett stemningsfyllt arena i mystisk lyssetting, som speglar seg igjen i dampen frå (vått) publikum.
Når det gjelder lyden so va den ganske grumsete i starten men tekknikarane ordna opp i det meste til slutt, med unnatak av lyden på 2-3 kassegitarar som til sammen låt som ei harpe.
Arrangør messig er det en god del å ta lærdom av, men alt i alt var det musikken som var viktigast og det vart inner-tiar som kjeme til å stå med mindre George Jones kjeme og tangerar den ;-D
Helsar til alle som var på konserten og alle som ikkje kunne. Dette var stort.
Ta en kikk på Denne linken :
http://www.georgejones.com/home/

Kurt.

Norsk Country Treff 2009

Sidan Firda og NRK S&Fj. ikkje hadde høve til delta på gårsdagens pressekonferanse for å dekke fylkets største kulturarrangement vil eg gjerne gjengje litt av innhaldet som blei presantert. Som det vert referert til i dagens avis satsar festivalen på å forbedre seg ytterlegare på vakthald for å kunne luke ut uønska hendingar. Frå før brukar festivalen store ressursar på å leige inn profesjonelle vakter samt politi. For 2009 vil ein bruke endå større ressursar for å auke kvaliteten for våre gjester ytterlegare.
Ein satsar og på og ha større fokus på miljøet og har inngått eit samarbeid med Gloppen Kommune og SFE for å få på plass sertifiseringa ´Miljøfyrtårn´. Dette er noko ein vil jobbe med både på kort sikt og med eit lenger tidsperspektiv. På pressekonferansen blei det presantert tal for 2008, noko som viste solid økonomi og god publikumsvekst.
For årets arrangement vart og presantert nye konsept. Ein satsar blant anna på Barnas Countrytreff. Dette er eit eige opplegg for born i barnehage og grunnskule -alder. Arrangementet vert i Trivselshagen i samarbeid med Gloppen Folkebibliotek fredag 10. juli. Dette er ei vidareutvikling av fjorårets ´Blågress for smågress´ som vart ein stor suksess i 2008. Festivalen vil og lage eit opplegg for dei eldre i kommunen men eigne arrangement på Gloppen Sjukeheim og bukollektiva i Breim og Hyen.
Du finn meir informasjon på Sunmørsposten sine nettsider her
Vi reknar og med at Firda Tidend har fyldig reportasje i mandagens avis.

NCT logo