Viser arkivet for stikkord breimshallen

Idrettsbasar BBIL søndag!

Den årlege idrettsbasaren blir arrangert i Breimshallen søndag 28 november kl. 1400. Vi kan love mange flotte vinstar og go basarsøje.

Det blir også i år moglegheit for å selje og kjøpe brukt ski og vinterutstyr.

5.dagsfest i Breimshallen

Tradisjonen tru, skal det arrangerast 5.dagsfest i Breimshallen – og i år har vi fått Spik Adel frå Bremanger til å stå for dansemusikken.

Så det er i høgste grad på tide å pusse støvet av danseskoa og restane av julematen frå dressen, for dette blir ein real folkefest!

Vi treng sjølvsagt vakter til festen, og vonar at folk som blir spurt, seier ja for å bidra litt til felleskapet!

Meir informasjon om prisar, tider og anna kjem fotløpande – men sett i alle fall av DAGEN! 5.juledag – 29.desember.

Spik Adel

Velkommen i Breimshallen denne kvelden!

Julebord og dans til Steinar Engelbrektsson Band i Breimshallen 28. november

steinar e

A/L Breimshallen og Gordon Hotel inviterer bygdefolk, bedrifter og venegjengar på julebord
og dans i Breimshallen laurdag 28. november.

Prisar:
Julebordspakke:velkomstdrink, juletallerken, dessert og dans Kr. 500,-
Kun dans Kr. 350,-

Vi har alle rettar oppe, så det er mulig å få en akevitt til maten og/eller ein Cognac til kaffien.
Til dansen vil det være bar med øl/vin løyve.

Bestillingsfrist er 20.November. Vi gjer merksam på at det er begrensa med plassar til maten, så vær tidleg ute!

Billettar vert å få kjøpt på Esso Byrkjelo, Coop Byrkjelo, Coop Reed, Gordon Hotel og på telefon 57 86 81 01

Pent antrekk.

Aldersgrense 18 år
NB! Om det er lag og bedrifter som har tilsette/lærlingar under 18 år og vil på julebord, ring på førehand så ordnar vi dette

Velkomne!

bLAN - The Phoenix arrives

I løpet av helga 20. til 22.februar, skjer det på nytt i Breimshallen. bLAN – Breim sitt tradisjonsrike nettverkstreff, går av stabelen desse dagane. Og her er det noko for ein kvar smak! Pizza Grandiosa, betasuppe og brusflasker tett omslynga av datamaskiner, trøtte ansikt og iherdige museklikk..

bLAN samlar born og unge frå heile fylket, og dei seinare åra har det blitt vanlig med eit dataparty óg i vinterferien. I starten var det berre haustferien som blei benytta innandørs framfor dataen, men no inkluderar vi altså vinterferien i det gode selskap. bLAN – Light er konseptet, og det er populært blant dei unge! 87 påmelde innan fristen, samt ei heil mengd utan datamaskin, sørgar for at det blir både sosialt og kjekt i hallen.

bLAN skal vere eit rusfritt arrangement, og foreldre skal ikkje vere bekymra for å sleppe sine unge håpefulle på treff i hallen! Difor har vi nulltoleranse når det gjeld bruk av alkohol under treffet. Vi veit diverre at det ikkje alltid blir respektert, men vi kan garantere at det vert slått hardt ned på alkoholbruk om dette blir oppdaga. Bortvising frå arrangementet er straffereaksjonen, og vi må diverre innsjå at det i løpet av første dag blei benytta slik reaksjon 7 gangar. Vi vonar at vår restriktive holdning til alkohol medfører at det neste år blir null slike reaksjonar!

Men storparten i Breimshallen denne helga, er her for å vere sosiale! Og det greier dei til gangs. Konkurransar går jamnt og trutt, interne “stridighetar” blir utkjempa i nettverket, ein delar erfaringar og diskuterar.

Vi i arrangørgruppa er glade for at folk frå heile fylket vel å legge ei helg til Breimshallen – og bLAN. Alt i hallen skjer på dugnad, vi får god støtte frå eksterne bedrifter mtp. utstyr og vi har god hjelp i lokale krefter som stiller på og tar ansvar. I tillegg har vi ein god dialog med Politiet, som tar turen innom og er synlege i løpet av både fredag og laurdag.

Om du har lyst til å ta turen innom, eller evt. gå ei lita vakt i løpet av kvelden/natta, er du sjølvsagt velkomen til det! Ta gjerne med deg laptop’en, så stiller vi ei kanne kaffi og ein vest til rådighet. Alle bidrag er sjølvsagt velkomne.