Viser arkivet for stikkord blan

bLAN - dataparty i Breimshallen

bLAN blir arrangert helga 2-4. oktober og er fylkets største data-party.
Denne helga samlast 100-150 ungdomar i Breimshallen for mykje moro.
Sjølve arrangementet vert arrangert av ein gjeng yngre eldsjeler som legg ned mykje tid på å få alt til å fungere teknisk.
Vi treng imidlertid hjelp av litt eldre personar som nattevakt etc. Vi håpar foreldre eller andre har moglegheit til å stille på nokre timar natt til laurdag eller natt til søndag.
Om du har lyst å gjere ein innsats er det berre å ta kontakt.

bLAN - 10 år!

Fylkets største dataparty bLAN blir arrangert for tiande gong 2-4. oktober. Mellom 120-150 ungdommar er venta til Breimshallen denne helga. Her vert det konkurransar og mykje moro!
BLAN er eit sosialt treff, der folk med forskjellig grad av interesse for data møtast.
Aldersgruppa er i snitt rundt 16 år. Vi har ikkje noko nedre aldersgrense men vi anbefalar ikkje at yngre deltakarar (10-13år?) er tilstades heile døgnet. Det går ofte ‘sport’ i og vere opp lengst mogleg, så det kan vere ein fordel å få dei unge håpefulle heim eit par timar i døgnet slik at dei vert utkvilte.
Datapartyet er eit rusfritt arrangement med sterk fokus på at alle skal trivast heile helga.

bLAN blir arrangert av ein gjeng ildsjeler som legg ned mange timar jobb før, under og etter arrangementet. Det er gledeleg å sjå at nye krefter vekst fram og tar ansvar!
Vi er alikevel avhengige av hjelp frå vaksne (foreldre) personar til enkle oppgåver som rydding, nedrigging og vakthald.
Har du moglegheit til å hjelpe oss, kontakt underteikna på tlf 93009383 eller e-post vegar@breim.no

bLAN - The Phoenix arrives

I løpet av helga 20. til 22.februar, skjer det på nytt i Breimshallen. bLAN – Breim sitt tradisjonsrike nettverkstreff, går av stabelen desse dagane. Og her er det noko for ein kvar smak! Pizza Grandiosa, betasuppe og brusflasker tett omslynga av datamaskiner, trøtte ansikt og iherdige museklikk..

bLAN samlar born og unge frå heile fylket, og dei seinare åra har det blitt vanlig med eit dataparty óg i vinterferien. I starten var det berre haustferien som blei benytta innandørs framfor dataen, men no inkluderar vi altså vinterferien i det gode selskap. bLAN – Light er konseptet, og det er populært blant dei unge! 87 påmelde innan fristen, samt ei heil mengd utan datamaskin, sørgar for at det blir både sosialt og kjekt i hallen.

bLAN skal vere eit rusfritt arrangement, og foreldre skal ikkje vere bekymra for å sleppe sine unge håpefulle på treff i hallen! Difor har vi nulltoleranse når det gjeld bruk av alkohol under treffet. Vi veit diverre at det ikkje alltid blir respektert, men vi kan garantere at det vert slått hardt ned på alkoholbruk om dette blir oppdaga. Bortvising frå arrangementet er straffereaksjonen, og vi må diverre innsjå at det i løpet av første dag blei benytta slik reaksjon 7 gangar. Vi vonar at vår restriktive holdning til alkohol medfører at det neste år blir null slike reaksjonar!

Men storparten i Breimshallen denne helga, er her for å vere sosiale! Og det greier dei til gangs. Konkurransar går jamnt og trutt, interne “stridighetar” blir utkjempa i nettverket, ein delar erfaringar og diskuterar.

Vi i arrangørgruppa er glade for at folk frå heile fylket vel å legge ei helg til Breimshallen – og bLAN. Alt i hallen skjer på dugnad, vi får god støtte frå eksterne bedrifter mtp. utstyr og vi har god hjelp i lokale krefter som stiller på og tar ansvar. I tillegg har vi ein god dialog med Politiet, som tar turen innom og er synlege i løpet av både fredag og laurdag.

Om du har lyst til å ta turen innom, eller evt. gå ei lita vakt i løpet av kvelden/natta, er du sjølvsagt velkomen til det! Ta gjerne med deg laptop’en, så stiller vi ei kanne kaffi og ein vest til rådighet. Alle bidrag er sjølvsagt velkomne.