Viser arkivet for stikkord bbil

Idrettsbasar BBIL søndag!

Den årlege idrettsbasaren blir arrangert i Breimshallen søndag 28 november kl. 1400. Vi kan love mange flotte vinstar og go basarsøje.

Det blir også i år moglegheit for å selje og kjøpe brukt ski og vinterutstyr.

Det skjer 3. juledag!

Mix Turnering i volleyball Breimshallen kl. 12.00.
Påmelding fram til kl.11.00.

Sirkeltrening 3. kl. 1745 → i Breim skule !

Kl. 17.45 startar Spinning Oppvarming ( påmelding her )

Kl. 1800 startar følgjande:

- Turgåing, – Intervalltrening, – Basketball,

Kl. 18.30: Sirkeltrening

Kl. 19.15: Volleyball, og omvisning på styrketreningsrom og spinningsal, med høve til å prøve.

Få med venner og familie – møt opp og fjern ribbefeittet !

Breimsbygda IL Studio

topp fb

Breimsbygda IL har kjøpt inn spinningsykklar og har oppgradert vektrommet i stadionbygget. Vi kjem til å utvide vektrommet med nytt utstyr innan kort tid. Men sykklane er på plass og første spinningtime er mandag. Vi har laga eigne nettsider kor man kan melde seg på spinningtimar, denne finn du her

BBIL med spinning og nytt vektrom!

Breimsbygda IL vil innan kort tid starte opp med spinning i stadionbygget. Vi har kjøpt inn 11 sykklar og vil gå igang med utdanning av instruktørar. Om det er nokon der ute som ynskjer å stille på som instruktør kan ein kontakte Kristin Daling Felde for meir informasjon. Det vil bli satt opp faste treningstider. Om ein har ynskje om eigne treningar (bedrifter, aldersgruper etc) kan vi og tilby dette.

Idrettslaget vil og innan kort tid oppgradere vektrommet ytterlegare med ein del nytt utstyr. Etter at vi flytta vektrommet ned i kjellaren har det vore stor aktivitet både av yngre og eldre utøvarar. Vektrommet er til disposisjon for alle som ynskjer å nytte det både på dagtid og kveldstid.
Begge desse tilboda vil være gratis for BBIL sine medlemmar.

BBIL med herrelag i volley!

Ivrige sjeler har den siste tida jobba for å få i gang eit herrelag i volleyball.

Det ser no ut som dei siste brikkene er på plass og ein stiller lag i 2. div. Etter 2 treningar denne veka med ´sann passe´ oppmøte, håpar vi at neste veke vil resultere i enda fleire på trening. Vi håpar og at vi får med eit par habile spelarar frå Fjellhug/Vereide då dei ikkje stiller lag i serien i år.

I tillegg til trening for herrelaget blir det (som vanleg) mix-trening kvar søndag frå 20.30 – 22.00. Treningstidene til herrelaget er ikkje 100% fastsett enda, men vi satsar på tysdag 20.30 samt onsdag 20.30 neste veke (i Breimshallen). Per Inge Seime og Vegar Sårheim vil ha ansvaret for treningane. Så om du føler for å spele volleyball er det berre å møte opp!

Breimsbygda Volley si nettside finn du her

Breimsbygda får NM i friidrett 2011!!!


Ein komite beståande av Gunnar Hole, Kristin Sandal og Anders Ryssdal har i dag vore i Bergen og presantert søknaden frå BBIL om å arrangere NM i friidrett i 2011. Vi kan med dette bekrefte at Landsstyret i friidrettsforbudent har bestemt at BBIL får NM!
Video brukt i presentasjonen finn du her

Vi gratulerar!