Viser arkivet for stikkord byrkjelo

Hybelhus på Byrkjelo

Er det ønskelig med hybelhus på Byrkjelo?
Da kan ungdommene lett komme seg med buss til Eid, Sandane og Førde.
Hva er man villig til å betale pr hybel, inkl internett, eks strøm?

5.dagsfest i Breimshallen

Tradisjonen tru, skal det arrangerast 5.dagsfest i Breimshallen – og i år har vi fått Spik Adel frå Bremanger til å stå for dansemusikken.

Så det er i høgste grad på tide å pusse støvet av danseskoa og restane av julematen frå dressen, for dette blir ein real folkefest!

Vi treng sjølvsagt vakter til festen, og vonar at folk som blir spurt, seier ja for å bidra litt til felleskapet!

Meir informasjon om prisar, tider og anna kjem fotløpande – men sett i alle fall av DAGEN! 5.juledag – 29.desember.

Spik Adel

Velkommen i Breimshallen denne kvelden!

Kunstoppleving i skulpturparken!

Straks etter Stig Eikaas sine frie og optimistiske tankar omforma til opningstale, vart samtlege paraplyar slegne i saman og showet var i gang. Kunst og kultur med mykje humor fekk dei 50-60 frammøtte med seg i Byrkjelo sentrum laurdag ettermiddag.
Publikum fekk raskt fram lattereren då Stig Eikaas opna forestillinga kor 5 skulpturar og kunstverk vart avduka.
Eikaas fekk god kulturell oppfølging av Dag Skram med sang og gitar, Fridtjof Urdal med dikt og betraktningar og Oddvar Torsheim i kjend stil med sang i kulturelle sprell. Ikkje ofte vi har opplevd maken til kulturell humor i Byrkjelo sentrum.

Stig Eikaas ynskjer alle velkomne.

Torsheim, Skram og Eikaas under felles paraply.

Moromannen Eikaas er i gang.

Eikaas med god hjelp av Per Jarle Myklebust.

Torsheim 71 er avduka.

3 kulturpersonar, Urdal, Eikaas og Torsheim.

Publikum.

Publikum.

Publikum.

Torsheim i kjend stil med Skram på Gitar.

Posering framfor “Sexy Gjest Baardsen”

Fanfaretrubadur Magnus Willumsen t.v. i lag med resten av kultureliten.

Eikaas i kjend stil.

Kunstnaren og kunstverket.

Lita jente fekk avduke Torsheimkunst.

Raudeskjerfet til Torsheim flytta frå Førde til Byrkjelo.

Forbløffande like?

Publikum på kjendistreff.

Ingenting å utsetje på innsatsen!

Byrkjelo og gode opplevingar.

Som IndreSogning med realskulen i Balestrand kom eg i kontakt med gode menneskje frå Nordfjord. Det saman med interesse for musikk resulterte i Firda Gymnas. Så vart det til musisering der og saman med gode vener på Byrkjelo.
I den tida hadde eg gleda av å bu jobbe nokre år på Byrkjelo samtidig som eg skulka skulen så godt eg kunne utan at det skulle gå ut over vitnemålet. Og det skal de ha gode menneskjer der oppe: Den opplevelsen ville eg ikkje vore forutan. Stikkord er gjestfriheit, toleranse, humor, kultur, venskap og opplevingar som er unike.
Bygdedyret var stort sett forvist i retning Sandane der det levde i beste velgåande. Oppe på Byrkjelo ga me og de stort sett jamt f… (sognautrykk) i det.
36 år etterpå så held eg meg oppdatert og det verkar som om haldningane lever og blomstrar. Der trengst det ikkje ynskje om god bedring.
Så slang det visst nokre jøstringar, stryningar, oldedøler, lodøler, honndøler, og diverse andre nordfjordingar og innom venskapet – og dei var OK dei og. Fine og humørfylte jenter var det og her og der.
Lev vel som de har gjort så lenge eg veit.
MVH
Kjell G Offerdal

TNI (Byrkjelo Musikkverkstad) vant Mødrenes Hjerter

30.09.2008

Eg må på vegner av The Naked Inhabitants og Byrkjelo Musikkverkstad få takke for den store oversakelsen som fann stad under Ungdommens Kulturmønstring 2009. Gloppen.
Breim Kvinne & Familieforbund overaska med å tildele oss en gåvesjekk på 8000 kroner. Det fins ikkje andre ord på det enn……..Vi vant i allefall mødrenes hjerter.
Gunnvor Sunde delte ut prisen frå Breim Kvinne & Familieforbund på slutten av UKM 2009 med jublande publikum i salen. “Dette var stort for oss”

Tusen Takk Breim Kvinne & Familieforbund for støtta.

Helsing : Ozan Drøsdal, Eskild Skinlo, Alexander Skinlo, Robert Sunde, Kurt Inge Hjelle, Jan Sebastian,G.Hole, og Kurt Hjelle (ansvarleg).

Byrkjelo Musikkverkstad tar i mot fleire brukarar

Det vart tidlegare annonsert at Byrkjelo Musikkverkstad ønskar seg nye brukarar. Det vart ikkje noken respons, kanskje for det at tidspunktet var på samme tid som en del andre arrangemang.
Eg/Vi ønskar at dei som har lyst tar kontakt. Det vil og være en fordel om det er voksne som har lyst til å være med.

Helsing Kurt.

Breimsbygda får NM i friidrett 2011!!!


Ein komite beståande av Gunnar Hole, Kristin Sandal og Anders Ryssdal har i dag vore i Bergen og presantert søknaden frå BBIL om å arrangere NM i friidrett i 2011. Vi kan med dette bekrefte at Landsstyret i friidrettsforbudent har bestemt at BBIL får NM!
Video brukt i presentasjonen finn du her

Vi gratulerar!