Viser arkivet for stikkord breim

Fylket si største kåring av sau.

Laurdag 6.oktober kl.10.00 inviterar Breim Sau og Geit ilag med Gloppen Sau og Geit alle saueinteresserte til Fjordhestgarden i Breim. Heile 130 værlam skal vurderast av dommarane denne dagen. Framtidas avlsdyr frå Hyen, Sandane og Breim skal vurderast utover laurdagen. Arrangøren ynskjer å skape ein familiedag med ulike aktivitetar for store og små i Ridehallen på Norsk Fjordhestgard. Det vert muleg å kjøpe seg betasuppe, kaffi og kaker i kafeen på låven.
Arrangører legg opp til aktivitetar for familien som natursti, riding, gjetarhundoppvisning og lotteri.
Publikum skal og tippe kor tung gamleværen er blitt. Det vert flotte premiar.
Dette vert den store dagen for sauehaldarar i fylket til å sikre seg gode avlsdyr frå den største utstillinga i fylket.
Arrangøren ynskjer alle interesserte vel møtt til til ein triveleg dag på Fjordhestgarden i Breim.

Vel møtt.
Helsing Breim og Gloppen Sau og Geit.

Breim Sau og geit.

Breim Sau og Geit er i gang med eit nytt arbeidsår. Nytt styre er på plass.
Nyvald leiar for laget er Vidar Sandal med nestleiar Janne Håheim, som og har ansvar for aktiviteten kring gjetarhund. Andre i styret er Reidar Sandal,sekretær og Lars Myklebust,kasserar. Styremedlemar er Jonfinn Bø og Atle Løvland. Varapersonar er Atle Støyva, Nils Even Bjørnarheim og Johnny Frøystad.
Laget har ei klar målsetjing om auka aktivitet i året som kjem. Laget ynskjer fleire medlemar i Breim. Vi ynskjer å informere betre om aktiviteten gjennom ei lokallagsside under NSG Sogn og Fjordane si nettside http://www.nsg.no/sfsg/ .
Laget har ansvar for å planlegge innsamling av ull som er ein viktig ressurs å kunne nytte på ein best mogeleg måte. I siste veka i mars planlegg vi eit fjøsmøte på dagtid. Tema for samlinga vert førebyggande planlegging av beitesesongen. Dyrlegen deltek og svarar på spørsmål i forhold til vaksiner, alveld og utfordringa med snyltarar og flugemakk på småfe. I midten av juni tilbyr vi medlemane å vere med på kadaversøk med hund i lag med resten av Gloppen og Jølster. Laga i Gloppen søker og om å få løyve til å kunne ta ut skaderev i fredningstid som påvist drep lam på beite. I slutten av Juli planlegg vi i lag med andre laga i Gloppen ein fjell tur frå Jardalen mot Nesstøylen. Vi legg samtidig inn ein fagdel med noko underhaldning, flakedans om kvelden og tilbod om overnatting til søndag. Styret håpar på god deltaking og fleire nye medlemar i tida framover.

Helsing styret i Breim Sau og Geit.

Idrettsbasar BBIL søndag!

Den årlege idrettsbasaren blir arrangert i Breimshallen søndag 28 november kl. 1400. Vi kan love mange flotte vinstar og go basarsøje.

Det blir også i år moglegheit for å selje og kjøpe brukt ski og vinterutstyr.

Fantastisk reklame for bygda!

Fekk du med deg tv-programmet på onsdag kveld (midt i beste sirkeltreningstid) om “Folk som flyg”? Her får vi følge ekstremsportutøvarar frå Voss med mellom anna Franz Midtun i spissen som testar ut nye reiselivsprodukt innan ekstemsport. Planen er å bli droppa ut i falskjerm over Snønipa for deretter å flyge paraglider ned i Myklebustdalen. Dette er spenstige planar :-)

Her er omtalen frå NRK:
“Norsk dokumentar. Det skal bli ferie-opplevinga som slår alt: Først eit svimlande fallskjerm-sprang med landing på ein isbre på Noregs tak. Deretter på lynraske ski ned til kanten av isbreen, og så rett ut i eit paraglider-svev ned mot dalbotnen – veldig langt der nede. Ei gruppe entusiastar er i ferd med å utvikla landets villaste reiselivs-tilbod. Spesialsydd for menneske med god råd og sterkt behov for adrenalin-kick.”

Om du ikkje fekk med deg programmet kan du og sjå det på NRK nett-tv her

Dette er luftig!

Dei gamle løypestrengane i Breim.

Dei siste vekene har eg på ny møtt på fleire av dei gamle løypestrengane. Strengane som var strekte opp over i fjellsidene for å frakte ned til gards både gras og andre nødvendige råvarer som garden måtte hauste i fjellet. Dei fleste var tjukke strengar som no ligg nede på bakken som t.d. rett før feriste, forbi Egge(Styggefjellet). Fleire nytta dei vel og for å få inn graset frå bratte innmarksbøar, t.d. Kvellestad på Egge. På Strand inn forbi jølet, kor råsa mot Vora går oppover i lia. Då eg kom på retur ifrå Bergheim inn lia kom eg over ein artig streng. Den går opp lia, opp forbi rasteplassen i Strandaura. Langt oppe i lia heng den fortsatt høgt oppe i lufta. Eg mistenker nok at veksande tre har løfta den opp att og strekt den skikkeleg stram. Løypekatten heng fortsatt oppe i strengen som er av tvinna tjukk vaier. Ikkje ruste i det heile og den tynne vaieren ligg rett under på bakken nedover lia. Tenkte med meg sjølv på berre slitet som skulle til, for å i det heile å få denne vaieren motabakka.
Skulle vore interessant å vete litt meir om korleis desse strengane fungerte og historia kring dei.
Eksisterar det ei samla historie kvar i Breim dei var i bruk og kven som nytta dei. Bygdeboka…?
Lokal gardshistorie som sikkert veteranane veit ein del om…. eller?

Swingkurs i Breimshallen til helga!

Swing med swung

Jadda, det er berre hive seg med – for i helga blir det anledning til å lære seg å danse swing med Rolf Kristian Aastvedt fra Rock’n Rolf Danseskole i Bergen – i sjølvaste BREIMSHALLEN! Rolf har svinga seg heftig både her til lands og i utlandet, og kan vise til 3.plass i det åpne sveitsiske mesterskapet i boogie woogie i Neuhausen! Han har óg fleire topplasseringar i mesterskap her i Noreg, så det er ein merittert mann vi får som instruktør denne helga.

Grunnkurs laurdag 15:00 til 17:30 og søndag 11:00 til 13:30
Vidarekomne laurdag 18:00 til 20:30 og søndag 13:30 til 16:00

150,- pr kurs – for begge dagar!

BINDANDE PÅMELDING TIL dansekurs@ntsjnp.no snarast mogeleg!

Klima i endring?

Erling Sande

Breim Bygdeutvilkingslag inviterar til temadag om klima i endring i
Breimshallen laurdag 9.januar kl.11.00-16.00.

Kva betydning kan det ha for bygda vår og folket som bur her?

Innleiarar:
Leiar av energi- og miljøkomiteen på Stortinget
Erling Sande
Professor ved Institutt for geovitenskap,Universitetet i Bergen
og forskar ved Bjerknessenteret for klimaforskning.
Atle Nesje
Leiar av Norges Miljøvernforbund.
Kurt Oddekalv
Professor kjemisk institutt,Universitetet i Bergen
Olav Kvalheim

Møteleiar Hans Jakob Reite
Kulturinnslag v/ Ole Andreas Førde
Matpause

Velkomne til god søje og friske debattar!

Atle Nesje — f.1956 i Olden, busett i Bergen. Dr. scient. 1990 og
professor i geologi ved Institutt for geovitskap ved Universitetet i
Bergen frå 1997. Han er knytt til Bjerknessenteret for klimaforsking.
Nesje har m.a. drive forsking på klima, isbrear og innsjøavsetningar i
Noreg, Storbritannia og det nordlege Canada. Han har gjeve ut fleire
bøker og eit stort tal artiklar om emna i internasjonale vitskapstidsskrift.
Nesje har leia fleire store forskingsprosjektinnan geologi, m.a. om alderen
på Jostedalsbreen og Folgefonna. Her fann han m.a. ut at Jostedalsbreen
ikkje er ein rest frå istida, men at breen var smelta heilt bort for kring
7500-6000 år sidan.

Kurt Willy Oddekalv — er ein norsk miljøvernar
og miljøaktivist, og leiar av Norges Miljøvernforbund. Han var tidlegare
leiar av Naturvernforbundet Hordaland, men trakk seg frå vervet i 1993,
etter intern uenigheit, og vart i juni same år ekskludert av landsmøtet i
Norges Naturvernforbund. Saman med andre utbrytare frå
Naturvernforbundet starta han Norges Miljøvernforbund i mai 1993.

Olav Kvalheim — Professor ved kjemisk institutt, Universitetet i
Bergen. Kvalheim høyrer til dei såkalla “klimaskeptikarane” blant forskarane.
Han har markert seg i media med kritikk av konklusjonane til FN
sitt klimapanel og spurt: “Er det riktig å ta avgjørelser basert på feilaktige
premisser, avgjørelser som i mange henseender fører unødvendige og
dyre hastetiltak som verken gagner miljøet eller befolkningen?”

Hans Jakob Reite — Fødd på Sunnmørskysten, busett i
Førde.Er sivilagronom frå Landbrukshøgskulen. Har vore informasjonssjef
på Sogn og Fjordane Teater, prosjektleiar, kulturarbeidar og politikar.
I dag mest kjend som kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. Snakkar
ofte med skrått blikk, likar kulturelle spenningar og er flyttbar i fylket.

Kjære bygdafolk, vi har gode nyhende..

Eg vil gjerne få informere om at frå i dag, 19.11.2009 har Rekroa fått nye eigarar. Adem Demirtas og Vahdetin Harman er nok kjente ansikt for dei fleste som har vore innom Mona Lisa på Sandane, og dei vil no utvide sitt nedslagsområde ved å starte opp ei avdeling på Reed.

Adem og Vahdetin vil bruke samme gode konsept på Reed som dei har på Sandane, samt at dei vil knytte til seg lokale krefter for å kunne tilby kaker og litt norsk husmannskost.

Vi vonar bygdafolket har sakna ein stad å møtast, og at dei to blir tatt godt i mot i bygda, og vi ønskjer Adem og Vahdetin lukke til framover.

Kven veit, kanskje blir det anledning til å leske seg allereie i romjula….

Tenning av julegran på Reed

Breim Bygdeungdomslag vil få invitere store og små til tenning av julegrana på Reed laurdag 5.desember klokka 17:00.

I samband med tenninga inviterar vi til julebingo for dei største og juleverkstad for dei minste i Breimshallen frå klokka 14:30. Etter julebingoen vert det satt opp gratis hesteskyss for dei minste frå Breimshallen til Reed, i samarbeid med Norsk Fjordhestgard.

Etter tenninga vert det anledning for dei som har lyst, å få seg ein sledetur rundt i Reed sentrum – og kanskje dukkar det opp ein nisse eller to.. Coop held ope til kl. 18:00, og serverar gløgg.

5.dagsfest i Breimshallen

Tradisjonen tru, skal det arrangerast 5.dagsfest i Breimshallen – og i år har vi fått Spik Adel frå Bremanger til å stå for dansemusikken.

Så det er i høgste grad på tide å pusse støvet av danseskoa og restane av julematen frå dressen, for dette blir ein real folkefest!

Vi treng sjølvsagt vakter til festen, og vonar at folk som blir spurt, seier ja for å bidra litt til felleskapet!

Meir informasjon om prisar, tider og anna kjem fotløpande – men sett i alle fall av DAGEN! 5.juledag – 29.desember.

Spik Adel

Velkommen i Breimshallen denne kvelden!

Breim kraft

Breim kraft

BBIL med spinning og nytt vektrom!

Breimsbygda IL vil innan kort tid starte opp med spinning i stadionbygget. Vi har kjøpt inn 11 sykklar og vil gå igang med utdanning av instruktørar. Om det er nokon der ute som ynskjer å stille på som instruktør kan ein kontakte Kristin Daling Felde for meir informasjon. Det vil bli satt opp faste treningstider. Om ein har ynskje om eigne treningar (bedrifter, aldersgruper etc) kan vi og tilby dette.

Idrettslaget vil og innan kort tid oppgradere vektrommet ytterlegare med ein del nytt utstyr. Etter at vi flytta vektrommet ned i kjellaren har det vore stor aktivitet både av yngre og eldre utøvarar. Vektrommet er til disposisjon for alle som ynskjer å nytte det både på dagtid og kveldstid.
Begge desse tilboda vil være gratis for BBIL sine medlemmar.

Anders Felde ny leiar i Breim Bondelag.

Årsmøte i Breim Bondelag vart helde på Norsk Fjordhestgard Tysdag 10. November. Godt oppmøte med 22 aktive medlemar. I tillegg møtte Jon Numedal frå fylkeslaget og Marit Skinlo frå Nav Gloppen. Skinlo held eit informativt og godt foredrag om bønder sine rettar knytta til ulike trygdeytingar og rettar opp i mot NAV. Numedal som er i frå Vik i Sogn, presenterte fylkeslaget sitt arbeid, aktuelle saker i tida og skapte ein debatt kring politisk retning og framtida for breimsbonden.
Margunn Bjørkelo gjekk av som leiar etter 4 år i vervet. Siw Ingunn Hjelle Eide takka og av.
Nye i styret er Anders Felde som leiar. Lars Olav Vanberg og Hilde Kvile som nye styremedlemar.
Andre i styret er Jan Erik Fløtre og Reidar Sandal.

Julebord og dans til Steinar Engelbrektsson Band i Breimshallen 28. november

steinar e

A/L Breimshallen og Gordon Hotel inviterer bygdefolk, bedrifter og venegjengar på julebord
og dans i Breimshallen laurdag 28. november.

Prisar:
Julebordspakke:velkomstdrink, juletallerken, dessert og dans Kr. 500,-
Kun dans Kr. 350,-

Vi har alle rettar oppe, så det er mulig å få en akevitt til maten og/eller ein Cognac til kaffien.
Til dansen vil det være bar med øl/vin løyve.

Bestillingsfrist er 20.November. Vi gjer merksam på at det er begrensa med plassar til maten, så vær tidleg ute!

Billettar vert å få kjøpt på Esso Byrkjelo, Coop Byrkjelo, Coop Reed, Gordon Hotel og på telefon 57 86 81 01

Pent antrekk.

Aldersgrense 18 år
NB! Om det er lag og bedrifter som har tilsette/lærlingar under 18 år og vil på julebord, ring på førehand så ordnar vi dette

Velkomne!

Opprydding før vinteren

Som dei fleste har fått med seg har det meir eller mindre regna sidan midten av juli.
Derfor har den siste oppryddinga etter Norsk Country Treff og 4H landsleiren vorte utsett i påvente av opphaldsvêr. Slik meldingane ser ut no er det håp om at det flotte haustvêret held ei stund.
Vi inviterer derfor til dugnad på Norsk fjordhestgard laurdag førstkomande frå 11.00 og utover eit par timar.´
Det som skal gjerast er hovudsakleg nedrigging av ein del gjerder samt rydding/påplass kjøyring av ein del utstyr.

Håpar mange har høve til å hjelpe til eit par timar!!

bLAN - dataparty i Breimshallen

bLAN blir arrangert helga 2-4. oktober og er fylkets største data-party.
Denne helga samlast 100-150 ungdomar i Breimshallen for mykje moro.
Sjølve arrangementet vert arrangert av ein gjeng yngre eldsjeler som legg ned mykje tid på å få alt til å fungere teknisk.
Vi treng imidlertid hjelp av litt eldre personar som nattevakt etc. Vi håpar foreldre eller andre har moglegheit til å stille på nokre timar natt til laurdag eller natt til søndag.
Om du har lyst å gjere ein innsats er det berre å ta kontakt.

bLAN - 10 år!

Fylkets største dataparty bLAN blir arrangert for tiande gong 2-4. oktober. Mellom 120-150 ungdommar er venta til Breimshallen denne helga. Her vert det konkurransar og mykje moro!
BLAN er eit sosialt treff, der folk med forskjellig grad av interesse for data møtast.
Aldersgruppa er i snitt rundt 16 år. Vi har ikkje noko nedre aldersgrense men vi anbefalar ikkje at yngre deltakarar (10-13år?) er tilstades heile døgnet. Det går ofte ‘sport’ i og vere opp lengst mogleg, så det kan vere ein fordel å få dei unge håpefulle heim eit par timar i døgnet slik at dei vert utkvilte.
Datapartyet er eit rusfritt arrangement med sterk fokus på at alle skal trivast heile helga.

bLAN blir arrangert av ein gjeng ildsjeler som legg ned mange timar jobb før, under og etter arrangementet. Det er gledeleg å sjå at nye krefter vekst fram og tar ansvar!
Vi er alikevel avhengige av hjelp frå vaksne (foreldre) personar til enkle oppgåver som rydding, nedrigging og vakthald.
Har du moglegheit til å hjelpe oss, kontakt underteikna på tlf 93009383 eller e-post vegar@breim.no

Eurofoto og Reed Foto inviterer til open dag

Eurofoto og Reed Foto, med sine fleire titals tilsette, kan reknast som to hjørnesteinsbedrifter på Reed. Heilt sidan starten av Reed Foto på midten av 90-talet, har det vore utvikla mange nye konsept og løysingar innan fagfeltet foto. Eit av varemerka har vore nyskapande tenking, og evne til å omsette tankar til gjerning. Der andre tenkt tanken, har bedriftene på Reed satsa med fullt fokus frå dag ein. Skal ein vere med i utviklinga, må ein satse friskt!

Då Eurofoto vart skipa i 2000, skjedde det mykje på Reed. Produksjonsteknikkar var endra, produktspekteret vart utvida, og talet på tilsette steig raskt for å halde følgje med auken i aktivitet. Sjølv med alt fokuset som har vore på dei to fotobedriftene på Reed, opplever vi stadig at folk ikkje heilt veit kva som skjer på huset.
Kva er eigentleg ulikskapen mellom Reed Foto og Eurofoto? Kven gjer kva? Og korleis får dei det eigentleg til?

Komande torsdag 11.juni mellom kl 14-18 gjer vi endeleg ein gamal ide til røyndom. Vi opnar dørene, og inviterer deg til å treffe oss som jobbar der. Du skal få vere med på prosessen under skapinga av produkt, gjerne med utgangspunkt i dine eigne bilete (ta med digitale filer på minnekort/minnepenn/cd).
- Lurer du på korleis ei fotobok vert produsert? Hjå oss får du følgje prosessen!
- Reed Foto brukar greenscreen-teknologi, og byttar ut bakgrunnen på biletet som vert teke; der og då!
Det vert òg spesielle tilbod på eit utval av våre produkt og tenester i høve anledninga.

Velkomen skal du vere til Reed senter! Vi sjåast!

Tekniske kulturminne på Byrkjelo.

Johan Bjørereim var ein lokal gründer som starta opp med bensinstasjon, bilverkstad og hadde sal og service på traktorar og landbruksmaskiner. Dette var i den perioden at jordbruket på bygdene her for alvor vart mekanisert, så det var ei blomstrande verksemd.
Søndag kveld, 7.juni kl 19.00 i Kruthusvegen, vert det høve til å sjå på litt av det som Johan samla, laga og bygde opp gjennom eit langt aktivt liv. I samlinga er fleire gamle traktorar, m.a. ein Case frå 1949, eit fungerande kvernhus og eit heilt intakt lite kraftverk, med ei turbin frå 1916. Gloppen sogelag står som arrangør, men det er Lise Søvik Bjørnereim som er så velvillig å ta imot besøk, så nytt denne unike sjanse! Avkøyrsle t.v. på rv.60, ein liten km opp frå krysset på Byrkjelo. Enkel servering og gratis for alle!

Jakt & Fiske

Foto: Morten B. Stensaker. Jakt & Fiske

Magasinet jakt og fiske var i mai i fjor i Nordfjord for å prøve fiskelukka. I Breim fekk både Bergheimsvatnet og Breimsvatnet god omtale. Over fleire sider med flotte bilder blir området omtala som eit eldorado for ørretfiske.
Du får kjøpt siste nummer av bladet i butikken no. Nettutgåva kan du imidlertid lese her

Breimstafetten 2009

breimstafett

Alt er klart for Breimstafett nr. 71. BBIL håpar på god deltaking og mykje publikum.
Program:
• 13.00 Defilering
• 13.30 Kraftprøva sponsa av SFE
• 14.00 Start Gutar
• 14.15 Start Jenter
• 14.30 Konglestafetten sponsa av Sparebanken Sogn og Fjordane
• 14.50 Opa Klasse
• 15.00 Start Herre Veteran og Superveteran
• 15.10 Start Dame
• 15.25 Start Herre

Påmeldingsfrist er 1. mai!

TNI (Byrkjelo Musikkverkstad) vant Mødrenes Hjerter

30.09.2008

Eg må på vegner av The Naked Inhabitants og Byrkjelo Musikkverkstad få takke for den store oversakelsen som fann stad under Ungdommens Kulturmønstring 2009. Gloppen.
Breim Kvinne & Familieforbund overaska med å tildele oss en gåvesjekk på 8000 kroner. Det fins ikkje andre ord på det enn……..Vi vant i allefall mødrenes hjerter.
Gunnvor Sunde delte ut prisen frå Breim Kvinne & Familieforbund på slutten av UKM 2009 med jublande publikum i salen. “Dette var stort for oss”

Tusen Takk Breim Kvinne & Familieforbund for støtta.

Helsing : Ozan Drøsdal, Eskild Skinlo, Alexander Skinlo, Robert Sunde, Kurt Inge Hjelle, Jan Sebastian,G.Hole, og Kurt Hjelle (ansvarleg).

Kjære sambygding!

I ei undersøking blant skule- og barnehageforeldre på Reed, viser det seg at 85% vil ha ein framtidig skule på Reed! Difor vil vi vise at vi står samla om framtidig skulegang ved Reed skule – som dagens skule eller som småskule med 1. til 4.klasse. Og då treng vi hjelp frå deg og dine. Vi vil samle minst 85% av innbyggjarane på Reed ved Reed skule måndag 16.03 klokka 16:30 – og vise at vi står samla i vårt krav om å behalde skulen i bygda!

Vi skal saman vise Gloppen Kommunestyre at det kan gjerast like gode innsparingar på VÅRT forslag, som på Rådmannen sitt – utan å endre skulestrukturen i Breim nevneverdig!

MØT OPP!