Fantastisk reklame for bygda!

Fekk du med deg tv-programmet på onsdag kveld (midt i beste sirkeltreningstid) om “Folk som flyg”? Her får vi følge ekstremsportutøvarar frå Voss med mellom anna Franz Midtun i spissen som testar ut nye reiselivsprodukt innan ekstemsport. Planen er å bli droppa ut i falskjerm over Snønipa for deretter å flyge paraglider ned i Myklebustdalen. Dette er spenstige planar :-)

Her er omtalen frå NRK:
“Norsk dokumentar. Det skal bli ferie-opplevinga som slår alt: Først eit svimlande fallskjerm-sprang med landing på ein isbre på Noregs tak. Deretter på lynraske ski ned til kanten av isbreen, og så rett ut i eit paraglider-svev ned mot dalbotnen – veldig langt der nede. Ei gruppe entusiastar er i ferd med å utvikla landets villaste reiselivs-tilbod. Spesialsydd for menneske med god råd og sterkt behov for adrenalin-kick.”

Om du ikkje fekk med deg programmet kan du og sjå det på NRK nett-tv her

Dette er luftig!

Det nye bustadfeltet på Reed.

Nytt bustadfelt med påfølgande liv og røre vil vere ei gode for Reed sentrum.
Det planlagde bustadfeltet i Hetlebakkane i Reed sentrum møter på nytt ei utfordring før ei eventuell realisering.
Det nye og kanskje ikkje uventa er at arkeologiske undersøkingar påviser eldre kulturminner og freding av området.
Her kjem Riksantikvaren inn i saka og krev utgravingar av området før ei eventuell frigjering.
Det er ofte her kjernespørsmålet dukkar opp….eller kanskje det ikkje er noko spørsmål…?
Klart det kan vere interessant å vete meir om Breim frå bronsealderen. Utfordringa er at det er Riksantikvaren og statlege organ som beordrar utgraving. Av erfaring vert dette oftast kostnadar i millionklassa. Det er lett å beordre utgraving når ein kan sende rekinga vidare, gjerne til utbyggar av området.
Er dette ein riktig måte å “fordele” kostnadane på for å stimulere til aktivitet?

Bli med på kurs ...

helsing Lars Bjørkeland mobil: 90065510

Det fullkomne ..........

Desse orda er måla på ei fjøl som ligg inne i det gamle kommunehuset på Re, eg reknar med at det er inventar frå gamlekyrkja. “fuldkommen gud, et fulkommen menniske” har eg tyda det til, men er nokon så skriftlærde at dei kan seie kva som står mellom kommategnet og “et”?

Video-redigeringskurs startar no... 3 kveldar

Denne videoen laga eg for 5 år sidan – dette er ikkje så vanskeleg som du kanskje trur….

Å redigere video (klippe vekk det du ikkje vil ha – legge til litt tekst og musikk) – er enklare enn du trur…. men litt hjelp kan kome godt med. Kurs startar så snart det er nok påmelde (tid seinare)
E-post-support i ein månad etter kurset er inkludert i prisen. (ingen begrensningar i antal spørsmål/epostar)

Dette er eit av programma eg brukar…. (Grunndelen er gratis – men med begrensingar)

Meld deg på (eller spør – om du lurer på noko) til Lars Bjørkeland Sandane

Skrivekurs

Sogn og Fjordane skrivelag inviterer med dette til kurs på Nordfjordeid laurdag 30. og sundag 31. oktober. Kursstad er Bryggen hotell på Nordfjordeid.

Vi har lagt opp til eit kurs der kvar og ein kan arbeide med eigne tekstar/skriveprosjekt, og legg opp til samlingar der vi les og diskuterar tekstar etter ynskje og behov. Kurset skal ha fokus på eiga skaping og produksjon, og er tenkt som eit inspirasjonskurs for vidare skrivearbeid. Som ein del av dette vil vi utfordre kursdeltakarane til å bidra med 5-minuttars innlegg om sin skrivekvardag, med stikkord som skaparglede, skriveglede, skrivevrede, skrivesperre, dørstokkmili, forfattarspiren inne i ein osv. osv. Vi vil oppfordre til at flest muleg deler litt av sine eigne skriveerfaringar. Dette vert sosialt og moro!

Kursavgifta inklusive hotell med full pensjon blir på rundt 2000 kroner for enkeltrom, og rundt 1800 per person på dobbeltrom. Dette er ei rimeleg investering for folk som likar å skrive, og som har ting liggande som dei kanskje vil gjere meir utav, eller som har konkrete planar og skriveprosjekt liggande i bakhovudet. Meld dykk på til underteikna via ei direktemelding her eller ei direktemelding på twitter. (Følg meg på twitter: @MANNmedGREIP)(Johannes Eggen Mundal)

Og for all del: Del dette innlegget via alle kanalar (Facebook, twitter, e-post osv) – sjølv om du sjølv kanskje ikkje kan denne helga. Den låge kursavgifta kjem av at vi ikkje brukar pengar på annonsering. (Innlegg/kopi frå Johannes Eggen Mundal, Johannesbloggen)

For skrivelaget
— skrivar —-
Ellen Indrebø

Noen som

har bilder fra hinst & hoppe skue,så de kan legge ut :) ?

A`feldige?

- eg skulle vel ha vore ein kvarsta aresta no i potetopptakinga?

Klokke funnet

Ikkje noko Rolex akkurat – men ei Q&Q … funne i URDA (nedafor kraftverkinntaket) nær elva – då eg var på fotosafari idag.
Klokka går – og med litt fingernemhet – er den grei å fixe (alle deler er intakt på reima)

Ta kontakt dersom du saknar klokka.

Fjellsko etterlyst frå Eggenipa Opp.

Her kjem vinnar av dameklassa i årets Eggenipa Opp, May Britt Buer, fram til andre drikkestasjonen. I dette området hang det, då biletet vart teke, eit par fjellsko av merket ASOLO i eit lite tre. No er det nok meir vanleg å ha med seg sokkebyte på fjelltur enn skobyte, men likevel -. Dama som eig skoa, og som var med i Eggenipa Opp, fann etter kvart ut at ho ville gå rundturen nedatt frå Eggenipa – ho kom såleis ikkje attende til skoa sine denne dagen. Då ho i dag gjekk til fjells att for å finne skoa, så var der ingen sko lenger.

Om nokon har funne skoa – og teke vare på dei, så meld frå til meg på tlf. 958 44 916. Eigaren vert så glad om ho får att skoa sine. Dusør vert gjeve – ei drikkeflaske med Eggenipa Opp-logo på.

Dei gamle løypestrengane i Breim.

Dei siste vekene har eg på ny møtt på fleire av dei gamle løypestrengane. Strengane som var strekte opp over i fjellsidene for å frakte ned til gards både gras og andre nødvendige råvarer som garden måtte hauste i fjellet. Dei fleste var tjukke strengar som no ligg nede på bakken som t.d. rett før feriste, forbi Egge(Styggefjellet). Fleire nytta dei vel og for å få inn graset frå bratte innmarksbøar, t.d. Kvellestad på Egge. På Strand inn forbi jølet, kor råsa mot Vora går oppover i lia. Då eg kom på retur ifrå Bergheim inn lia kom eg over ein artig streng. Den går opp lia, opp forbi rasteplassen i Strandaura. Langt oppe i lia heng den fortsatt høgt oppe i lufta. Eg mistenker nok at veksande tre har løfta den opp att og strekt den skikkeleg stram. Løypekatten heng fortsatt oppe i strengen som er av tvinna tjukk vaier. Ikkje ruste i det heile og den tynne vaieren ligg rett under på bakken nedover lia. Tenkte med meg sjølv på berre slitet som skulle til, for å i det heile å få denne vaieren motabakka.
Skulle vore interessant å vete litt meir om korleis desse strengane fungerte og historia kring dei.
Eksisterar det ei samla historie kvar i Breim dei var i bruk og kven som nytta dei. Bygdeboka…?
Lokal gardshistorie som sikkert veteranane veit ein del om…. eller?

Byrkjelo stadion på sølvfat.

Dette fatet “dukka opp” på Hjelle nyleg, og ein trur at det er Mons Hjelle (1930-1989) som har fått det. Fatet er omlag 35 cm i diameter. Det er gravert inn idrettsbane, treningsbane/skøytebane, skule og samfunnshus. Det var på siste del av 1950-talet arbeidt med planer om samfunnshus, eit samarbeid mellom Losje Vora, Byrkjelo ungdomslag og IBIL.

Spørsmålet er om nokon veit i kva høve, og kva tid, dette fatet vart gjeve. Og kanskje det finnst fleire slike fat i bygda?

Opptur

Kan ein tru at det er oppgangstider i Breim?
Eg tykkjer det er mykje positivt på gang i Breim for tida. Graset blir grønare, temperaturen stigande og breimstafetten er “still going strong”. Etter ein lang kald vinter ser det ut til at våren ENDELEG kan få sleppe til.
På Sagefloten og langs med Breimsvatnet har eit heilt nytt landskap og gardstun opna seg. Reed Camping fekk pris for nydeleg utført uteområde,Eurofoto skal flytte arbeidsplassar frå Oslo til Breim. Nyopning av kroa, nyoppussa Coop og forhåpentlegvis er det ikkje for langt fram i tid før det er eit nytt sentrumsnært byggefelt på Reed.
Her er planar om kunstgrasbane, sjølv om ikkje alle er einige i at dette er bra.
Breimskoret halar i land suksess etter suksess, og contryen blir betre og betre.
Nye samdriftsfjøsar sørgjer for nyinvesteringar i landbruket, meir fritid og fleksibilitet for bøndene. Vi har ein stor industriarbeidsplass i bygda med Tine Meieri. Mange kraftverk i bygda sørgjer for gode ekstrainntekter både til eigarar og kommune
Byrkjelo Stadion blir opprusta for å stå klar til å ta imot idrettsutøvarar til NM2011 i friidrett, samstundes som idrettslaget feirer 100 års jubileum. Breiminingane er blitt so spreke at spinningsyklane snart fyk ut dørene.
Byrkjelo Camping vart kåra til best i landet, Breimsbygda Skisenter har gjennomført fleire store utbyggingar, og har tilbod til både gammal og ung.

Diverre er det noken bedrifter som legg inn årene, ikkje noke kjekt for dei dette handlar om og for dei som mister arbeidet sitt.

Her er sikert noke eg har gløymt og mykje eg ikkje har fått med meg. Muligens har eg gitt feil opplysningar men dei reknar eg med blir retta på og eg irettesett.

Men eg tykkjer ein skal sjå framtida i Breim lyst i møte, sjølv med ei Origo sone som er meir eller mindre dau.

Årets påskekonsert i Breim.

Jazz-songarinna Line Laugen og pianist Willy Pedersen sin annonserte konsert i Svartebotnen måtte avlysast grunna snømangel på fjellet. I staden vart det konsert i Kvia i Bø Skjærtorsdag kveld. Kvia er eit intimt konsertlokale, men denne gongen i minste laget – det var kø langt ut i gangen. Line og Willy gav oss som var der ei god oppleving, både gjennom songen og musikken, men og med sitt sjarmerande samspel på scena. Det var umogeleg å halde “taktfoten” roleg under konserten. Dette må gjerne verte ein påsketradisjon.

Også pianisten fekk synge.

Jostein overleverte påskeegg med Kleppesluk, Kandalspølse og Sigrid sin CD Sandkorn.

Swingkurs i Breimshallen til helga!

Swing med swung

Jadda, det er berre hive seg med – for i helga blir det anledning til å lære seg å danse swing med Rolf Kristian Aastvedt fra Rock’n Rolf Danseskole i Bergen – i sjølvaste BREIMSHALLEN! Rolf har svinga seg heftig både her til lands og i utlandet, og kan vise til 3.plass i det åpne sveitsiske mesterskapet i boogie woogie i Neuhausen! Han har óg fleire topplasseringar i mesterskap her i Noreg, så det er ein merittert mann vi får som instruktør denne helga.

Grunnkurs laurdag 15:00 til 17:30 og søndag 11:00 til 13:30
Vidarekomne laurdag 18:00 til 20:30 og søndag 13:30 til 16:00

150,- pr kurs – for begge dagar!

BINDANDE PÅMELDING TIL dansekurs@ntsjnp.no snarast mogeleg!

Påskefest og PåskeQuiz i Breimshallen.

image003

Det er duka for ein skikkeleg dansefest i Breimshallen påskeafta. Då er det populære orkesteret Rainbow tilbake. Orkesteret som i så mange år har lege på Norsktopp – lista og Europatoppen, var det store trekkplasteret når det var fest i Breimshallen for ein del år sidan. Påskeafta står dei igjen på scena i lokalet som for dei fleste nordfjordingar og sunnfjordingar var den store samlingsplassen på laurdagskveldane.

-Vi gledar oss verkeleg til å kome tilbake til Breimshallen, fortel Roy Morten Andersen i Rainbow. -Vi turnerte over heile landet, og ein god del i utlandet, men det var noko heilt spesielt å kome til Breimshallen. Alltid fullt med folk, og alltid ei fantastisk stemning. Vi har enormt mange gode minner og mykje kjentfolk som vi gledar oss til å treffe igjen, fortel Roy Morten.
For ein del år sidan reiste ungdomane lange vegar for å kome på dei mest populære dansefestane rundt om i ungdomshusa. Festane i Breimshallen var heilt spesielle, alltid med mykje folk. No er del lenge mellom slike festar. Dette ynskjer Breim Bygdeungdomslag å gjere noko med når dei no har tinga Rainbow tilbake til Breimshallen påskeafta.
-Vi har tru på at dette vil verte ein verkeleg triveleg kveld både for dei vaksnaste av ungdomane som vert nostalgiske når dei høyrer namnet Rainbow, og for dagens ungdom som likar å danse, seier Freddy Brakestad i Breim Bygdeungdomslag. Så påskeafta vert det igjen gjenhøyr med ”Bye Bye Baby Goodbye” og andre av dei kjente låtane til Rainbow i Breimshallen.

I forkant av festen blir det PåskeQuiz i 2.etasje – med sal av spekemat og drikkevarer!
Quizen startar klokka 20:00 – og vi låser dørene fram til quizen er over.

*Reglar for PåskeQuiz: *
6 personar pr. lag.
Ingen hjelpemiddel.
Kr 30,- pr. deltakar – til potten.
3 × 20 spørsmål.
Juksing ikkje tillatt – men det er lov å forvirre motstandarane!
Quizmaster har aldri feil. Protestar må rettast av ein deltakar ståande på stolen – medan resten av laget tar push-ups.
Det er lov å smøre Quizmaster.
Det er ikkje lov å kaste ting på Quizmaster.
Mat og drikke kan ikkje vere medbrakt.
Fleire – samt endringar i – reglar kan kome brått, uventa og gjerne til Quizmaster sin fordel – utan forvarsel.
Ved delt 1.plass etter 3 × 20 spørsmål, blir det utslagsrunde etter “grip mikrofonen”-standard. Meir om dette seinare.

Super 8

Nokon som har ein filmframvisar (super 8) som fungerer, og som kan tenke seg å låne den ut nokre dagar?
(Du veit, små rullar om varte rundt 2-3 minutt).
Eg har ein dunge med super 8-rullar liggande frå min spede barndom, men filmframvisaren har ei øydelagt drivreim. Planen var vel å spele desse filmane over på eit meir moderne format (sånn datagreier…).

Vegnamn i sentrum på Byrkjelo

Eg meinar å huske at det for nokre år tilbake blei jobba med vegnamn på Byrkjelo. Det kom vel og skriv frå kommunen om adresse til den enkelte huseigar.

Ser at namn som t.d. Fjellvegen og Bjørkevegen dukkar opp i ulike samanhengar.

No kan det vere greit å vite si eiga adresse, men det er vel helst dei som skal finne fram til huset utfrå vegnamn og husnummer som har bruk for denne informasjonen. I den samaheng er det vel greit å fullføre prosjektet med å setje opp skilt? Eller er det ein prosess som framleis føregår i kommuneadministrasjonen?

Dette hadde kanskje og vore nyttig å få på plass noko liknande i byggefeltet Hovden på Reed?

Ønskje om fartsdumpar på Reed?

I dag då eg skulle reise frå Coop’en og mot Sandane, kom det ein utanlandsk lastebil i tett opp under 80 km/t dundrande gjennom sentrum. Vi veit alle kor dårleg sikten er i sentrum, og vi veit alle at dette her ikkje høyrer til sjeldenhetane.. Når ein ser på E39 – både i Lavik og på Sande, så har dei der fått plassert ut fartsdumpar som fungerar fint å passere i 50 km/t – utan større ubehag. Kjem derimot farten over 50, merkar du det såvel i tennene som i understellet. På bilen. I tillegg har jo Statens Vegvesen fjerna overgangsfeltet på Reed – fordi dei meinar at unge som eldre er meir påpasselege når dei skal krysse vegen der det IKKJE er mala slike striper. Eg er av den formeining at bilføraren har alt ansvar når det gjeld fokus på mjuke trafikkantar – og ved å fjerne overgangsfeltet har Statens Vegvesen nedjustert ansvaret hos bilistane. Eit skilt om overgangsfelt skal få det til å ringe i visse varselbjeller hos bilisten, og ein køyrer dermed meir årvåkent.

Med ein barnehage og ei stor bedrift på nordsida, og butikken, Gordon og Re-fjæra på sydsida av vegen, hadde det vore greit å vere sikker på at bilistane holdt fartsgrensa – då antal meter pr. sekund stig rimelig kjapt frå 50km/t til 80km/t. (13,9 meter pr. sekund til 22,2 meter pr. sekund). Det du trudde du hadde 5 sekundar på – treff deg i hofta etter 2 og eit halv sekund.. Aldri ein god følelse.

Så – ut i frå eit mjuk-trafikkant-perspektiv – kven støttar eit krav om fartsdump i sentrum på Reed? Er dette noko heile krinsen stiller seg positive til? Og skal ein då fremje eit krav/ønskje til Statens Vegvesen om ein fartsdump? Og i så tilfelle – kven fremjar kravet? Reed Utviklingslag? Breim Bygdeungdomslag? Heile krinsen samla under eitt? At strekningen gjennom Reed sentrum er eit problemområde fartsmessig, ser ein jo på hyppigheten av fartskontrollar med særs ujamne mellomrom.. Eg trur rekorden eit år var 4 kontrolldagar på ei veke. Men det har ingen preventiv effekt – men skaffar nok likevel ei viss inntekt til Staten.

Familiegudsteneste med "nogo attåt" i Breim kyrkje.

Førstkomande søndag, 7 februar kl 1100, er alle velkomne til familiegudsteneste i Breim kyrkje. I tillegg til dei faste postane, har vi denne gongen litt ekstra å by på – berre sjå her:

- Utdeling av Barnesalmeboka til alle 3.klassingane i Breim.
- Musikk med “trøkk i” frå Breim skulekorps.
- Lys Vaken deltek med 6.klasse. (Tru kva dette er for noko?)
- Ofring til kyrkjelydsarbeidet.

Vart du kaffitørst no??

- Sjøfølgjeleg – det vert no KYRKJEKAFFI!

Aslaug og Harald kjem.
Arve kjem sikkert og – KJEM DU?

Med helsing frå kyrkjevertane Ingemar og Lars.

Her er det dei som var 3.klassingar i 2007 som får Barnesalmeboka.

Tenning av lys ved forbøn.

(Begge foto er ved vår kjære “kyrkjefotograf” Arve.)

Breimsbygda skisenter, utelatt eller utegløymt av NRK Sogn og Fjordane?

Skisenter Ver Siste snøfall
Levert av Skiinfo.no
Sogndal Hodlekve 30/01 (15 cm)
Jølster 30/01 (10 cm)
Harpefossen 30/01 (15 cm)
Sogn Skisenter 27/01 (10 cm)
Stryn 01/02 (2 cm)

Etter Skiinfo sin informasjon på heimesida til NRK Sogn og Fjordane å dømme, er ikkje Breimsbygda Skisenter ein stad å renne på ski i Sogn og Fjordane. No er ikkje skitrekket på utvikfjellet einaste anlegget som ikkje er med, men eg skulle tru at det etterkvart er av ein slik størrelse at det ville vere naturleg å ta det med.

No kan ein jo spørje seg sjølv om det kan vere fordi det ikkje er komt i drift enda, men slik var det også i fjor.Tykkjer det er positivt at ein enkelt kan sjå korleis forholda er på skisentera i fylket, men med slik framsideplass på Nrk S og Fj. skulle ein kunne kalle det konkurransevridande, og det skal ein vel passe seg vel for å drive med.

1 krone til Haiti

Når naturkatastrofer er eit faktum og eit land er råka av krise og naud kjem som regel det gode i folk fram, og ein samlar inn pengar for å hjelpe dei trengande.
Kreativitet gjer at mange finn nye og artige måtar og samle inn pengar, andre brukar velkjende innsamlingsmetodar. Ikkje alle like sprelske, men pengane er til like gode formål allikevel.
Etter jobb svinga eg innom ein butikk på Sandane eit ærend.
I kassa for å betale for meg seier ekspeditøren at 1 krone går til Haiti, det er jo eit godt formål. – Joda, seier eg.
Tykte det va sprekt og positivt av butikken å ville gje av inntektene sine for å hjelpe. Ei krone i seg sjølv er ikkje så mykje, men i løpet av dagar og veker vil det utgjere ein pen sum, noko som vil hjelpe.
Og bra er det.
Allikevel vart eg litt overraska då sluttsummen vart ei krone meir enn vara eg skulle ha kosta!

Skog og kratt

Tykkjer det er kjekt å sjå resultatet av skogryddinga langs med både Breimsvatnet og Bergheimsvatnet. E flott å kunne sjå utover vatnet istaden for å måtte køyre i ein tunell av skog. E ganske sikker på at det blir betre trafikktryggleik og når ein har oversikt over vegen litt lenger fram. All honnør til dei som har gjort jobben, håpar at dei områda som står igjen også blir rydda vekk, eller i det minste tynna ut.