Viser arkivet for mars, 2012

Fagmøte Sau på Fjordhestgarden i Breim.

Sau i Jølster og Gloppen.

Breim Sau og Geit ynskjer å bidra til å auke kunnskapen kring sau i distriktet.
Det er eit mål å auke produksjonen av lammekjøt i Nordfjord og Sunnfjord.
Vi meinar at sauenæringa i vårt område treng ei fornying og eit løft,slik ein registrerar innan både geit og ku. Breim Sau og Geit vil saman med laga i Jølster, Gloppen og Hyen invitere sauenæringa i Gloppen og Jølster, til samling på Norsk Fjordhestgard tysdag 27.mars kl. 19.30. Tema for kvelden vert førebuande tiltak før beitesesongen.
Diskusjon kring ,alveld, flott, snyltarbehandling og andre aktuelle utfordringar kring beiteslepp. Veterinær Anne Berit Selle informerar og svarar på spørsmål.
Ta turen til fjordhestgarden denne kvelden og få ny og oppdatert kunnskap.
Grim Erik Gillestad frå Felleskjøpet deltek og informerar om nye sortar og kunnskap kring kraftfor til sau.
Vel møtt til ein sosial kveld kring kaffikoppen og litt enkel servering.

Helsing Sau og Geit i Jølster, Gloppen, Hyen og Breim.

Lysistrata...bør sees!

Jeg kommer rett fra generalprøven på Lysistrata ved Firda vgs. Denne forestillingen anbefales på det sterkeste! Humor, godt skuespill og høy kvalitet på dans og musikk. Absolutt noe man bør få med seg. Dette er mye mer enn en vanlig skoleforestilling. Høy kvalitet på både elevene som deltar og selve arrangementet. Les mer om arrangementet på “hjemmesiden” til Firda.

Forestillinger lørdag og søndag kl 18.00.
Billetter kan kjøpes på “billettluka.no#”

Breim Sau og geit.

Breim Sau og Geit er i gang med eit nytt arbeidsår. Nytt styre er på plass.
Nyvald leiar for laget er Vidar Sandal med nestleiar Janne Håheim, som og har ansvar for aktiviteten kring gjetarhund. Andre i styret er Reidar Sandal,sekretær og Lars Myklebust,kasserar. Styremedlemar er Jonfinn Bø og Atle Løvland. Varapersonar er Atle Støyva, Nils Even Bjørnarheim og Johnny Frøystad.
Laget har ei klar målsetjing om auka aktivitet i året som kjem. Laget ynskjer fleire medlemar i Breim. Vi ynskjer å informere betre om aktiviteten gjennom ei lokallagsside under NSG Sogn og Fjordane si nettside http://www.nsg.no/sfsg/ .
Laget har ansvar for å planlegge innsamling av ull som er ein viktig ressurs å kunne nytte på ein best mogeleg måte. I siste veka i mars planlegg vi eit fjøsmøte på dagtid. Tema for samlinga vert førebyggande planlegging av beitesesongen. Dyrlegen deltek og svarar på spørsmål i forhold til vaksiner, alveld og utfordringa med snyltarar og flugemakk på småfe. I midten av juni tilbyr vi medlemane å vere med på kadaversøk med hund i lag med resten av Gloppen og Jølster. Laga i Gloppen søker og om å få løyve til å kunne ta ut skaderev i fredningstid som påvist drep lam på beite. I slutten av Juli planlegg vi i lag med andre laga i Gloppen ein fjell tur frå Jardalen mot Nesstøylen. Vi legg samtidig inn ein fagdel med noko underhaldning, flakedans om kvelden og tilbod om overnatting til søndag. Styret håpar på god deltaking og fleire nye medlemar i tida framover.

Helsing styret i Breim Sau og Geit.