Forum: Åpent forum

Bygdenæringsdagar i Stardalen. 26 og 27 april 2014.

Vi har i år ca 30 utstillarar. Med alt frå design,keramikk og glaskunst, smykker av gull og sølv,
heimelaga bakst, Bruktmarked, produkt av saueskinn, Trollfigurar i heiltre, honning og hudpleieprodukt, og mykje meir.
Jølster fotoklubb fotoutstilling/ sal
Trollfigurar i heiltre.
De kan få kjøpe middag, grillmat og kaffi og kaker.
Lotteri og minibank har vi og.
Gratis inngang og parkering.
Utstilling av kofter og strikkagensarar frå 50 , 60 og 70 talet.
Velkommen til ei triveleg helg i Stardalen.
Meir info; www.stardalen.no

Sportsfiskesida informerer .....

Ønskjer du å registrere deg – klikkar du her…..
http://www.sfn.no/main/index.php?option=com_comprofiler&task=registers&Itemid=82

PROFFEN CUP PÅ VASSENDEN

Jølster Mottak, Niso og Jølster Fotball ynskjer velkommen til fotballturnering.
• På Øyaflata på Vassenden
• Laurdag 5. oktober kl 10.00

Deltakarar:
Jølster Fotball, Jølster Mottak, Bergum Mottak, Sogndal Mottak, Solbakken Mottak

• Gratis vaflar og saft under kampane
• Etter kampane blir det bankett m/variert meny (ca kl 15.00) i Gjesthalla

Prisutdelar; Peter Werni frå NISO
Alle velkomne

Paneldebatt på Skei tysdag 3. september

Tema: Korleis få fart på Sogn og Fjordane?
Det private næringslivet i Sogn og Fjordane spelar ei svært sentral rolle i utviklinga av fylket vårt. Det same gjer ein velfungerande og effektiv offentleg sektor.
Vi veit at dei politikarar og parti ser ulikt på så vel privat næringsverksemd som på rammevilkår. Kva rammevilkår næringslivet har til ei kvar tid vil likevel avgjere kva retning utviklinga vil ta. Difor er haldningane og slagkrafta til dei som skal representere oss på Stortinget dei neste fire åra så enormt viktig.
Er du interessert i å vite korleis dei fremste politikarane våre ser på nærings- og samfunnsutviklinga i Sogn og Fjordane; om kva dei meiner bør gjerast for å få meir vekst og utvikling, for å få auka folketal? Korleis skal vi greie å få ”vår del av kaka”? Då bør du få med deg dette ordskiftet, på Skei Hotel rett før stortingsvalet.
Vi har fått dei fremste av kandidatane på stortingsvallistene i fylket vårt til å møte til paneldebatt på Jølster for nettopp å debattere spørsmål knytt opp til næringspolitikk spesielt og samfunnspolitikk generelt. Temaet er spissa inn mot utfordringar og mulegheiter på nærings- og samfunnsområda i Sogn og Fjordane. Rammevilkår som samferdsle, skattar og avgifter, samt offentleg regulering, restriksjonar og tidsbruk, vil bli aktuelle tema. Det same vil rekruttering og utdanning. Vi skal dessutan, ut frå fylkeskommunen sine planer, bli mange tusen fleire menneske i fylket i 2016. Kva må til for å makte denne ambisjonen? Vi ser store strukturendringar i landbruket, i havbruket, innan tryggings- og naudetatane. Ser vi teikn til sentralisering og endring av kommunestrukturen? Og kva med fylkeskommunen si framtid? Viktige tema å få opp på bordet før stortingsvalet!
Det er mange ting å ta tak i, og vi skal få fram kva vi kan forvente oss av dei som kan bli våre fremste folkevalde og kva vi kan vente oss av partia deira. Vil dei gje klare og tydelege svar til veljarane før valet?
Så, møt opp og få med deg debatten. NHO Sogn og Fjordane skal gjere sitt beste for å få til ein god, konkret og klargjerande debatt.
Det vert sjølvsagt også gode høve for publikum til å stille spørsmål til politikarane under møtet.
Og, ikkje minst: Det blir presentasjonar av samfunnsrekneskapane til nokre bedrifter, som vil synleggjere kva sjølv små verksemder bidreg med til samfunnet rundt seg.
Stad: Skei Hotel
Tid: 3. september 2013 kl. 18.00-21.00
Paneldeltakarar: Trude Brosvik, KrF, Frank Willy Djuvik, FrP, Sveinung Rotevatn, V, Vibeke Johnsen, SV, Ingrid Heggø, Ap, Ingunn Kandal, Raudt, Bjørn Lødemel, H, Liv Signe Navarsete, Sp.
Tema: Korleis få fart på Sogn og Fjordane?
Debattleiar: Regiondirektør i NHO SF, Jan Atle Stang
Arrangør: NHO Sogn og Fjordane

Hybelhus på Byrkjelo

Er det ønskelig med hybelhus på Byrkjelo?
Da kan ungdommene lett komme seg med buss til Eid, Sandane og Førde.
Hva er man villig til å betale pr hybel, inkl internett, eks strøm?

Fylket si største kåring av sau.

Laurdag 6.oktober kl.10.00 inviterar Breim Sau og Geit ilag med Gloppen Sau og Geit alle saueinteresserte til Fjordhestgarden i Breim. Heile 130 værlam skal vurderast av dommarane denne dagen. Framtidas avlsdyr frå Hyen, Sandane og Breim skal vurderast utover laurdagen. Arrangøren ynskjer å skape ein familiedag med ulike aktivitetar for store og små i Ridehallen på Norsk Fjordhestgard. Det vert muleg å kjøpe seg betasuppe, kaffi og kaker i kafeen på låven.
Arrangører legg opp til aktivitetar for familien som natursti, riding, gjetarhundoppvisning og lotteri.
Publikum skal og tippe kor tung gamleværen er blitt. Det vert flotte premiar.
Dette vert den store dagen for sauehaldarar i fylket til å sikre seg gode avlsdyr frå den største utstillinga i fylket.
Arrangøren ynskjer alle interesserte vel møtt til til ein triveleg dag på Fjordhestgarden i Breim.

Vel møtt.
Helsing Breim og Gloppen Sau og Geit.

Fjelltur Sandane til Kandal.

Laurdag 4. august, Mardal Skule

Lokallaga i Breim, Gloppen og Hyen Sau og Geit skipar til fjelldag komande laurdag.
Arrangøren oppmodar alle som likar fjelltur i nærliggande kommunar om å verte med denne dagen.
Fjellturen går i roleg tempo slik at den og passar for familiar, uansett om du held husdyr eller ikkje.
Turen går frå Jardalen på Sandane til Ytre Kandal / Nes-støylen. På Ytre Kandal / Nesstøylen kan du sjå koking av geitost i meieriet. Helga Kvamsås frå Tine og representant frå fylkesmannen si landbruksavdeling vert òg med på turen. Kontaktpersonar er Kjell Mardal og Vidar Sandal.
Om kvelden vert det sal av grillmat og flakedans.
Det er høve til overnatting på støylen og det vert også sett opp skyss tilbake til Mardal skule.
Vel møtt til ein triveleg og sosial dag i fjellet med litt faglege innslag.

Mer informasjon:nsg.no
Billettar:

Påmelding til Kjell Mardal, Sandane eller Vidar Sandal, Breim.

Arrangør:

Gloppen og Breim Sau og Geit.

DEN HEMMELEGE SKATTEN PÅ NES I KANDAL

Ola Jakobsen var ein uvanleg rik mann som levde på denne garden først på 1700-talet, fortel bygdebokforfattar Per Sandal og fortel vidare: J. Aaland kom over ei gammal segn som truleg var knytt til denne mannen:

”Ein mann, Anders p. Ness, var sværande rik. Daa det vart ufred i landet, gøymde han pengane sine under ein hiller der han grov dei ned. Daa han låg for døden, bar dei honum ut i stovedøri so han kunde syna dei kvar skatten var. Han var da maallaus og kunde difor berre venda augo i den leid der pengane laag. Dei grov og leita lenge, men fann ikkje noko.”

Eg kåserte på 17.mai-festen i Kandal og då kom det fram at skatten enno ikkje er funnen, sjølv om det er blitt leita like til vår tid. Dessutan kom det fram at det fanst ein annan versjon av segna: At Anders hadde vore på ”nachspiel” etter eit rettsmøte på Reed. Der vart han ihelslegen, men makta først så vidt å peike mot den staden på Nes der han hadde gøymt skatten. På så lang avstand vart no retninga litt uklar …

Har nokon ei god utgåve av denne siste segna? Eller har nokon funne skatten? De treng ikkje oppgje funnstad eller sum, men de kan spare oss andre for strevsam leiting.

Kandalen - kva tyder namnet?

Kan nokon hjelpe meg med opphavet til namnet Kandalen ? O.Rygh i Norske Gaardsnavne foreslår “den kolde dal” med tanke om at KAN (førestavinga) truleg er ei omskipling av konsonantar opp gjennom hundreåra. Men han er og inne på at KAN også mogelegvis har opphav i KANE gammalnorsk for skål med handtak, det kan også bety slede (kanefart) eller båt.

Finst der landskapsformer som kan ha gjeve dette opphav til namnet? Sjølv kom eg til å tenkje på ei kanne med spisst lok, “jordhaug-pyramiden” borte i Kandalen kunne minne om det.

Gloppen som reisemål

Vi inviterer alle interesserte til oppstartsamling for prosjektet «Gloppen som reisemål», fredag 27.04, kl 10-15 på Gloppen hotell. Gründerar, grunneigarar og aktørar innanfor reiselivsbransjen er spesielt invitert.

Meir informasjon finn de her

Les meir om prosjektet her: http://friluftssenteret.net/

Arrangementet er gratis, men lunsjen kostar 200,-
Påmelding til magne.larsen@sfj.no

Fagmøte Sau på Fjordhestgarden i Breim.

Sau i Jølster og Gloppen.

Breim Sau og Geit ynskjer å bidra til å auke kunnskapen kring sau i distriktet.
Det er eit mål å auke produksjonen av lammekjøt i Nordfjord og Sunnfjord.
Vi meinar at sauenæringa i vårt område treng ei fornying og eit løft,slik ein registrerar innan både geit og ku. Breim Sau og Geit vil saman med laga i Jølster, Gloppen og Hyen invitere sauenæringa i Gloppen og Jølster, til samling på Norsk Fjordhestgard tysdag 27.mars kl. 19.30. Tema for kvelden vert førebuande tiltak før beitesesongen.
Diskusjon kring ,alveld, flott, snyltarbehandling og andre aktuelle utfordringar kring beiteslepp. Veterinær Anne Berit Selle informerar og svarar på spørsmål.
Ta turen til fjordhestgarden denne kvelden og få ny og oppdatert kunnskap.
Grim Erik Gillestad frå Felleskjøpet deltek og informerar om nye sortar og kunnskap kring kraftfor til sau.
Vel møtt til ein sosial kveld kring kaffikoppen og litt enkel servering.

Helsing Sau og Geit i Jølster, Gloppen, Hyen og Breim.

Lysistrata...bør sees!

Jeg kommer rett fra generalprøven på Lysistrata ved Firda vgs. Denne forestillingen anbefales på det sterkeste! Humor, godt skuespill og høy kvalitet på dans og musikk. Absolutt noe man bør få med seg. Dette er mye mer enn en vanlig skoleforestilling. Høy kvalitet på både elevene som deltar og selve arrangementet. Les mer om arrangementet på “hjemmesiden” til Firda.

Forestillinger lørdag og søndag kl 18.00.
Billetter kan kjøpes på “billettluka.no#”

Annonse