Forum: Åpent forum

Kandalen - kva tyder namnet?

Kan nokon hjelpe meg med opphavet til namnet Kandalen ? O.Rygh i Norske Gaardsnavne foreslår “den kolde dal” med tanke om at KAN (førestavinga) truleg er ei omskipling av konsonantar opp gjennom hundreåra. Men han er og inne på at KAN også mogelegvis har opphav i KANE gammalnorsk for skål med handtak, det kan også bety slede (kanefart) eller båt.

Finst der landskapsformer som kan ha gjeve dette opphav til namnet? Sjølv kom eg til å tenkje på ei kanne med spisst lok, “jordhaug-pyramiden” borte i Kandalen kunne minne om det.

Gloppen som reisemål

Vi inviterer alle interesserte til oppstartsamling for prosjektet «Gloppen som reisemål», fredag 27.04, kl 10-15 på Gloppen hotell. Gründerar, grunneigarar og aktørar innanfor reiselivsbransjen er spesielt invitert.

Meir informasjon finn de her

Les meir om prosjektet her: http://friluftssenteret.net/

Arrangementet er gratis, men lunsjen kostar 200,-
Påmelding til magne.larsen@sfj.no

Fagmøte Sau på Fjordhestgarden i Breim.

Sau i Jølster og Gloppen.

Breim Sau og Geit ynskjer å bidra til å auke kunnskapen kring sau i distriktet.
Det er eit mål å auke produksjonen av lammekjøt i Nordfjord og Sunnfjord.
Vi meinar at sauenæringa i vårt område treng ei fornying og eit løft,slik ein registrerar innan både geit og ku. Breim Sau og Geit vil saman med laga i Jølster, Gloppen og Hyen invitere sauenæringa i Gloppen og Jølster, til samling på Norsk Fjordhestgard tysdag 27.mars kl. 19.30. Tema for kvelden vert førebuande tiltak før beitesesongen.
Diskusjon kring ,alveld, flott, snyltarbehandling og andre aktuelle utfordringar kring beiteslepp. Veterinær Anne Berit Selle informerar og svarar på spørsmål.
Ta turen til fjordhestgarden denne kvelden og få ny og oppdatert kunnskap.
Grim Erik Gillestad frå Felleskjøpet deltek og informerar om nye sortar og kunnskap kring kraftfor til sau.
Vel møtt til ein sosial kveld kring kaffikoppen og litt enkel servering.

Helsing Sau og Geit i Jølster, Gloppen, Hyen og Breim.

Lysistrata...bør sees!

Jeg kommer rett fra generalprøven på Lysistrata ved Firda vgs. Denne forestillingen anbefales på det sterkeste! Humor, godt skuespill og høy kvalitet på dans og musikk. Absolutt noe man bør få med seg. Dette er mye mer enn en vanlig skoleforestilling. Høy kvalitet på både elevene som deltar og selve arrangementet. Les mer om arrangementet på “hjemmesiden” til Firda.

Forestillinger lørdag og søndag kl 18.00.
Billetter kan kjøpes på “billettluka.no#”

Breim Sau og geit.

Breim Sau og Geit er i gang med eit nytt arbeidsår. Nytt styre er på plass.
Nyvald leiar for laget er Vidar Sandal med nestleiar Janne Håheim, som og har ansvar for aktiviteten kring gjetarhund. Andre i styret er Reidar Sandal,sekretær og Lars Myklebust,kasserar. Styremedlemar er Jonfinn Bø og Atle Løvland. Varapersonar er Atle Støyva, Nils Even Bjørnarheim og Johnny Frøystad.
Laget har ei klar målsetjing om auka aktivitet i året som kjem. Laget ynskjer fleire medlemar i Breim. Vi ynskjer å informere betre om aktiviteten gjennom ei lokallagsside under NSG Sogn og Fjordane si nettside http://www.nsg.no/sfsg/ .
Laget har ansvar for å planlegge innsamling av ull som er ein viktig ressurs å kunne nytte på ein best mogeleg måte. I siste veka i mars planlegg vi eit fjøsmøte på dagtid. Tema for samlinga vert førebyggande planlegging av beitesesongen. Dyrlegen deltek og svarar på spørsmål i forhold til vaksiner, alveld og utfordringa med snyltarar og flugemakk på småfe. I midten av juni tilbyr vi medlemane å vere med på kadaversøk med hund i lag med resten av Gloppen og Jølster. Laga i Gloppen søker og om å få løyve til å kunne ta ut skaderev i fredningstid som påvist drep lam på beite. I slutten av Juli planlegg vi i lag med andre laga i Gloppen ein fjell tur frå Jardalen mot Nesstøylen. Vi legg samtidig inn ein fagdel med noko underhaldning, flakedans om kvelden og tilbod om overnatting til søndag. Styret håpar på god deltaking og fleire nye medlemar i tida framover.

Helsing styret i Breim Sau og Geit.

Flyttesalg hos Sandane Rør

Eg er langtidssjukmeld og ønsker då å flytte til mindre lokale – då skal eg ha salg på (nesten) alt i butikken. Er du “handyman” …finn du deg sikkert noko du kan nytte deg av. Har og nokre brukte ting. Noko er til og med GRATIS. (sjå bilder på linken under – NB: Det kjem meir utover veka)
Utanfor butikken står det og gratisvarer – eks 17mm kovaskåler og anna “småting” – berre å forsyne seg :-)

Uttaforbutikkenvarer – er no gått til gjenvinning (Nomil) – men har rørisolasjon til 1/2 pris – og kranar (dusj kjøkken) etc til 25% rabatt – (NB Kun lagervare – er det tomt så er det tomt)

Elles finn de ein del på linken under:

http://srs.origo.no/-/bulletin/show/714592_salg-20-og-21-januar

Etterlysing....

Hallo godtfolk i Breim og nærliggande sokn. Eg syner til ei noko dramatisk overskrift av den enkle grunn at no står eg i beit for løysingar. Ingen er bortkomen eller på annan måte ikkje der dei skal være, men eg er altså på ei autofil jakt som med tradisjonelle metodar har synt seg resultatlaus.

Eg søker i utgangspunktet ein delebil av typen Datsun 720 pickup. For nokon også kjent son Nissan KingCab. Rust og skråmer, skilt eller ikkje har inga betydning då det er drivverk som er det viktige, fortrinnsvis ei girkasse til diesel. Om ein sit på annan pickup av japansk opphav frå tida opptil 1985 er det av interesse so lenge den startar. Synfaring og henting vert ordna, og sjølvsagt kontant i neven.
Send gjerne ein epost til flikkogstikk@gmail.com, innboks på sida her eller ring direkte til mekanikaren, Tore Hovden på 90566211.

Eysteinn Udberg, Florø

Country

Knutepunktstatus til Breim, Gratulerer!
Fint med val, då kjem det gjerne litt lekkasjar frå budsjettet :)

Meld deg inn i valsona for Gloppen

Firda inviterer og oppmodar alle politikarar og veljarar i Gloppen til å bli medlem av vår nye valsatsing for kommunevalet i 2011.

Det er oppretta ei valsone for kvar kommune i dekningsområdet vårt, og ei for fylkestinget.

Sona for Gloppen har adressa http://www.firda.no/gloppen.

Her kan politikarar og veljarar på lik linje publisere innlegg, saker og bilete, og kommentere det andre har publisert. Det er også ei meiningsmåling på sona, der du kan stemme på det partiet du hadde valt dersom det var val i dag.

Sona er ein direkte kommunikasjonskanal mellom politikarar og veljarar, der politikarane kan nå ut med saker dei vil løfte fram og veljarane kan reise saker dei meiner politikarane må ta stilling til.

Det er ei eiga portalside for valsatsinga, som har adressa http://www.firda.no/val2011. Frå denne sida kan du navigere vidare til den kommunen du ønskjer, og portalsida samlar også det nyaste innhaldet frå alle undersonene. Vi oppmodar også til å bli medlem av denne sona.

For å få innlegg i valkampen på trykk i papiravisa, må innlegget publiserast i valsona for den kommunen det gjeld.

Dagen derpå....

Etter gudstenesta på 17 mai i Breim, var det nedlegging av kransar ved dei to minnestøttene over falne i siste krig. Dette er ein god og fin tradisjon. Diverre ser vi mindre og mindre av sjølve minnesmerka, og for å lese skrifta må ein bakom “buskaset”. Eg kan ikkje sjå at desse buskvekstane i fronten av støttene har noko der å gjere, og oppmodar soknerådet om å få dei fjerna. Det har vore meininga å ta bilde av minnestøttene til bruk i jubileumsboka om idretten i Breim, men då må ein kunne lese det som står skrive der.
Kva meiner breimningar og andre om dette?

Gebyr på giro ifrå legesenteret - likar det ikkje !

Min far har vore på legesentertet- betalingsterminalen var i ustand (visstnok ikkje første gong) – då er det urimleg og direkte feil at bruker (passient) skal betale 45 kroner i gebyr for girobetalïng.
Det er no mi meining. (For å spare yttreligare gebyr i banken – betalar eg slike rekningar i nettbanken – for far og mor).

Alpinkurs for damer!

Har du lyst til å lære deg å stå på slalomski eller treng ei oppfrisking av gløymde kunster?

Vi gjentek suksessen frå 2009 og arrangerar nybyrjarkurs KUN for damer fredag 28. og laurdag 29. januar. Vi vil ha bakken heilt for oss sjølve og disponerer det nye barnetrekket fredag og barnetrekk + hovudtrekket laurdag. Er du usikker på om dette er noko for deg, treng du ikkje bekymre deg for utstyr etc. Breimsbygda Skisenter stiller med gratis utlån av tipp-topp utstyr som du får låne fredag og heile laurdag. Heiskort er og inkludert i prisen.

Vi oppfordrar unge og eldre som har lyst å prøve til å melde seg på!

Tidspunkt:
Fredag 28/1: 18.00-21.00
Laurdag 29/1: 09.00-12.00
Kursavgift: 800,- (inkl. leige av ski og heiskort)
Instuktør: Reidun Bergheim
Arrangør: Breimsbygda Skisenter
Maks antall deltakarar er sett til 15, så her er det førstemann til mølla…

Har du spørsmål kan du kontakte Vegar Sårheim på tlf. 93 00 93 83 eller e-post vegar@breim.no

NB! alle deltakarar som skal låne utstyr må møte minimum 30 min. før kursstart!

Meir info og påmelding finn du her

Annonse