DEN HEMMELEGE SKATTEN PÅ NES I KANDAL

Ola Jakobsen var ein uvanleg rik mann som levde på denne garden først på 1700-talet, fortel bygdebokforfattar Per Sandal og fortel vidare: J. Aaland kom over ei gammal segn som truleg var knytt til denne mannen:

”Ein mann, Anders p. Ness, var sværande rik. Daa det vart ufred i landet, gøymde han pengane sine under ein hiller der han grov dei ned. Daa han låg for døden, bar dei honum ut i stovedøri so han kunde syna dei kvar skatten var. Han var da maallaus og kunde difor berre venda augo i den leid der pengane laag. Dei grov og leita lenge, men fann ikkje noko.”

Eg kåserte på 17.mai-festen i Kandal og då kom det fram at skatten enno ikkje er funnen, sjølv om det er blitt leita like til vår tid. Dessutan kom det fram at det fanst ein annan versjon av segna: At Anders hadde vore på ”nachspiel” etter eit rettsmøte på Reed. Der vart han ihelslegen, men makta først så vidt å peike mot den staden på Nes der han hadde gøymt skatten. På så lang avstand vart no retninga litt uklar …

Har nokon ei god utgåve av denne siste segna? Eller har nokon funne skatten? De treng ikkje oppgje funnstad eller sum, men de kan spare oss andre for strevsam leiting.

Vist 207 ganger. Følges av 2 personer.
Annonse

Nye bilder