Kandalen - kva tyder namnet?

Kan nokon hjelpe meg med opphavet til namnet Kandalen ? O.Rygh i Norske Gaardsnavne foreslår “den kolde dal” med tanke om at KAN (førestavinga) truleg er ei omskipling av konsonantar opp gjennom hundreåra. Men han er og inne på at KAN også mogelegvis har opphav i KANE gammalnorsk for skål med handtak, det kan også bety slede (kanefart) eller båt.

Finst der landskapsformer som kan ha gjeve dette opphav til namnet? Sjølv kom eg til å tenkje på ei kanne med spisst lok, “jordhaug-pyramiden” borte i Kandalen kunne minne om det.

Vist 242 ganger. Følges av 2 personer.

Kommentarer

Sidan det ikkje er kome reaksjon på spørsmålet, så kan eg no referere kva Karl Egge (Stadnamn i Breim) meinte om dette. Han meinte det kom av at dei første som slo seg ned i Kandalen kanna til seg bustaden og dei næraste dalstroka, og at dette seinare vart godkjent gjennom tileigning. Eit “kann” tyder også “rett kravsmål”, å “tilkanna” seg noko. Per Sandal halla også til denne tydinga.

“Kane” kan og frå gamalt ha med båt å gjere. Tidlegare var såleis Kandalen den dalen som ein måtte bruke båt til.

Annonse

Nye bilder