Meld deg inn i valsona for Gloppen

Firda inviterer og oppmodar alle politikarar og veljarar i Gloppen til å bli medlem av vår nye valsatsing for kommunevalet i 2011.

Det er oppretta ei valsone for kvar kommune i dekningsområdet vårt, og ei for fylkestinget.

Sona for Gloppen har adressa http://www.firda.no/gloppen.

Her kan politikarar og veljarar på lik linje publisere innlegg, saker og bilete, og kommentere det andre har publisert. Det er også ei meiningsmåling på sona, der du kan stemme på det partiet du hadde valt dersom det var val i dag.

Sona er ein direkte kommunikasjonskanal mellom politikarar og veljarar, der politikarane kan nå ut med saker dei vil løfte fram og veljarane kan reise saker dei meiner politikarane må ta stilling til.

Det er ei eiga portalside for valsatsinga, som har adressa http://www.firda.no/val2011. Frå denne sida kan du navigere vidare til den kommunen du ønskjer, og portalsida samlar også det nyaste innhaldet frå alle undersonene. Vi oppmodar også til å bli medlem av denne sona.

For å få innlegg i valkampen på trykk i papiravisa, må innlegget publiserast i valsona for den kommunen det gjeld.

Vist 187 ganger. Følges av 1 person.
Annonse

Nye bilder