Dagen derpå....

Etter gudstenesta på 17 mai i Breim, var det nedlegging av kransar ved dei to minnestøttene over falne i siste krig. Dette er ein god og fin tradisjon. Diverre ser vi mindre og mindre av sjølve minnesmerka, og for å lese skrifta må ein bakom “buskaset”. Eg kan ikkje sjå at desse buskvekstane i fronten av støttene har noko der å gjere, og oppmodar soknerådet om å få dei fjerna. Det har vore meininga å ta bilde av minnestøttene til bruk i jubileumsboka om idretten i Breim, men då må ein kunne lese det som står skrive der.
Kva meiner breimningar og andre om dette?

Vist 485 ganger. Følges av 1 person.

Kommentarer

Flott Olav

Noko beskjering…eller rett og slett potensiale for alternativ beplanting…
Har ofte lurt litt på rekkefølga av minnemarkeringa etter falne i 2 verdskrigen.
Ein høgtidleg sermoni som fortener større merksemd frå breimningane. Kva med å kunne gjennomføre denne markeringa rett i etterkant av at toget er kome ned til kyrkja. Flesteparten vel alternativ til å gå til preike og reiser ikkje ned att for å få med seg kransnedlegginga. Tenk om alle unge og sjølsagt alle andre kunne få inn litt om historia vår rett i etterkant av toget, når dei alikevel var samla kring minnestøttene.

- eller at heile toget gjekk til kyrkje først, for så å få med seg minnestunda ute …
Har elles fått vite at det er vedteke å fjerne dei to buskene ved minnestøttene. Det er bra!

Annonse

Nye bilder