| Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Fjordaglimt (mandag 2. august 2010). Les mer om roperten… Fjellsko etterlyst frå Eggenipa Opp.
Her kjem vinnar av dameklassa i årets Eggenipa Opp, May Britt Buer, fram til andre drikkestasjonen. I dette området hang det, då biletet vart teke, eit par fjellsko av merket ASOLO i eit lite tre. No er det nok meir vanleg å ha med seg sokkebyte på fjelltur enn skobyte, men likevel -. Dama som eig skoa, og som var med i Eggenipa Opp, fann etter kvart ut at ho ville gå rundturen nedatt frå Eggenipa – ho kom såleis ikkje attende til skoa sine denne dagen. Då ho i dag gjekk til fjells att for å finne skoa, så var der ingen sko lenger. Om nokon har funne skoa – og teke vare på dei, så meld frå til meg på tlf. 958 44 916. Eigaren vert så glad om ho får att skoa sine. Dusør vert gjeve – ei drikkeflaske med Eggenipa Opp-logo på.
Vist 240 ganger. Følges av 1 person. | ||