| Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Fjordaglimt (tirsdag 22. juni 2010). Les mer om roperten… Dei gamle løypestrengane i Breim.Dei siste vekene har eg på ny møtt på fleire av dei gamle løypestrengane. Strengane som var strekte opp over i fjellsidene for å frakte ned til gards både gras og andre nødvendige råvarer som garden måtte hauste i fjellet. Dei fleste var tjukke strengar som no ligg nede på bakken som t.d. rett før feriste, forbi Egge(Styggefjellet). Fleire nytta dei vel og for å få inn graset frå bratte innmarksbøar, t.d. Kvellestad på Egge. På Strand inn forbi jølet, kor råsa mot Vora går oppover i lia. Då eg kom på retur ifrå Bergheim inn lia kom eg over ein artig streng. Den går opp lia, opp forbi rasteplassen i Strandaura. Langt oppe i lia heng den fortsatt høgt oppe i lufta. Eg mistenker nok at veksande tre har løfta den opp att og strekt den skikkeleg stram. Løypekatten heng fortsatt oppe i strengen som er av tvinna tjukk vaier. Ikkje ruste i det heile og den tynne vaieren ligg rett under på bakken nedover lia. Tenkte med meg sjølv på berre slitet som skulle til, for å i det heile å få denne vaieren motabakka.
Vist 390 ganger. Følges av 2 personer. | ||
Kommentarer
Denne løypekatten heng fortsatt fint opp mellom tretoppane.
Løypestrengen var av tjukk vaier, i lia over Bergheimsvatnet.
Trur ikkje det er skrive noko samla om løypestrengar i Breim. Men den som kjem frå Styggefjellet i Våtedalen var i bruk omkring 1900 for å løype ned ved og høy. Fleire bruk på Egge hadde skog og slått der, og der var fleire markelader.
Styggeskora er ei lang smal skor nedunder Styggefjellet. Ovanfor Styggeskora ligg ei slætte som vart kalla “In på Styggeskorenne”. Karl Egge skriv i 1959:
“For omlag 50 – 60 år sia slo dei in på Styggeskorenne, kasta høyet ned i Styggeskora, laga ein stor høyslo der, og spende så høyet utføre flogfjellet. Så tok dei høyet att og hesja det på Garhammaren, ova i Nyaren.
Eg var med far ein gong han spende høyet utføre Styggeskora. Han skolv av spaning, tok fast i ein grastust, såg vel etter at det ikkje var høy under han, som kunne drage han med utføre. Så sa far: Dette skal vere siste gongen eg spenner høyet utføre her, og ikkje skal dei andre gjere det heller. Og slik vart det, ingen har spent høy utføre Styggeskora sia. Dette var dei første åra etter 1900.”
Samla vart det brukt omlag 35 dagsverk for å få 10 lass høy i Styggefjellet og Styggeskora. Slåtten er litt mindre arbeidssam i dag.
Løypestrengen i Strandaura er vel av nyare dato – meiner å hugse at den var i bruk.