
Dette fatet “dukka opp” på Hjelle nyleg, og ein trur at det er Mons Hjelle (1930-1989) som har fått det. Fatet er omlag 35 cm i diameter. Det er gravert inn idrettsbane, treningsbane/skøytebane, skule og samfunnshus. Det var på siste del av 1950-talet arbeidt med planer om samfunnshus, eit samarbeid mellom Losje Vora, Byrkjelo ungdomslag og IBIL.
Spørsmålet er om nokon veit i kva høve, og kva tid, dette fatet vart gjeve. Og kanskje det finnst fleire slike fat i bygda?
Kommentarer
Har nok sett eit liknande fat med same motiv nede i gamlehuset på bruket. Veit ingen ting i farta om kva det er slags fat.