Opptur

Kan ein tru at det er oppgangstider i Breim?
Eg tykkjer det er mykje positivt på gang i Breim for tida. Graset blir grønare, temperaturen stigande og breimstafetten er “still going strong”. Etter ein lang kald vinter ser det ut til at våren ENDELEG kan få sleppe til.
På Sagefloten og langs med Breimsvatnet har eit heilt nytt landskap og gardstun opna seg. Reed Camping fekk pris for nydeleg utført uteområde,Eurofoto skal flytte arbeidsplassar frå Oslo til Breim. Nyopning av kroa, nyoppussa Coop og forhåpentlegvis er det ikkje for langt fram i tid før det er eit nytt sentrumsnært byggefelt på Reed.
Her er planar om kunstgrasbane, sjølv om ikkje alle er einige i at dette er bra.
Breimskoret halar i land suksess etter suksess, og contryen blir betre og betre.
Nye samdriftsfjøsar sørgjer for nyinvesteringar i landbruket, meir fritid og fleksibilitet for bøndene. Vi har ein stor industriarbeidsplass i bygda med Tine Meieri. Mange kraftverk i bygda sørgjer for gode ekstrainntekter både til eigarar og kommune
Byrkjelo Stadion blir opprusta for å stå klar til å ta imot idrettsutøvarar til NM2011 i friidrett, samstundes som idrettslaget feirer 100 års jubileum. Breiminingane er blitt so spreke at spinningsyklane snart fyk ut dørene.
Byrkjelo Camping vart kåra til best i landet, Breimsbygda Skisenter har gjennomført fleire store utbyggingar, og har tilbod til både gammal og ung.

Diverre er det noken bedrifter som legg inn årene, ikkje noke kjekt for dei dette handlar om og for dei som mister arbeidet sitt.

Her er sikert noke eg har gløymt og mykje eg ikkje har fått med meg. Muligens har eg gitt feil opplysningar men dei reknar eg med blir retta på og eg irettesett.

Men eg tykkjer ein skal sjå framtida i Breim lyst i møte, sjølv med ei Origo sone som er meir eller mindre dau.

Vist 518 ganger. Følges av 4 personer.

Kommentarer

Einig med deg Gudmund i at her no skjer mykje positivt. Når Breim Barnehage er realisert og vi får grønt dekke på idrettsplassen på Reed, er det komplett. Vil ellers berre korrigere deg på ein ting: Det var Ola Hetle som fekk pris for småbåthavna og omkringliggande område, og ikkje Reed Camping (om vi tenkjer på same utmerkinga). Rett skal vere rett, som det heiter.

Jo stemmer det, va småbåthavna eg tenkte på. E eit utruleg flott anlegg

Får håpe at ikkje alle meiner det er komplett når vi og får grønn flate på Reed Stadion. For Reed, Breimsbygda IL, byggefelt på Reed, alle med ungar og framtidsutsikter for forsatt utvikling og vekst er vel eit fleirbruksområde meir håp om vekst enn eit einbruksområde med kun fotball? At det ein er interessert i er det einaste vi skal bygge ut og drive med i framtida, er for meg snever tankegang, vi må ha anlegg for VID interesse, muligheit til at dei som ikkje er interessert eller tromfa inn i ei interesse kan finne ut at andre ting er moro. Då må vi bygge for framtida utan å bestemme kva våre etterlevningar SKAL drive på med.At mange er interresert i fotball idag og vil ha kunstgrasbane, flott, men tenk litt vidare og, både no og i framtida vil det vere folk som verken passar inn der eller vil drive sin aktivitet der, kva med dei ? Må dei, eller vil Breimsbygda ha eit nærmiljø for litt forskjelleg aktivitet og flest muleg brukarar som kan forsette med fysisk aktivitet på eit eller anna nivå i framtida. Sjå til Førde og kva dei tenkjer sjølv i det fotball-samfunnet, fleirbruks område med alle mulege aktivitetar innanfor eit innsnevra område, som vi i Sparebanken Sogn og Fjordane støttar med store midlar, rett og slett fordi det er ei FLEIRBRUKSOMRÅDE. Kva nivå har vi på Breims-idretten no i forhold til føritida, temmeleg dårleg både på ung og spesielt jun/sen , det har ikkje med å gjere at dagens ungdommar er noko dårlegare enn ein var før, men at vi kanskje skal ha det litt for mykje moro og behageleg, og drive på med idrett til ein er 14-15 år. Min påstand er at hadde ungar fått litt meir allsidig inngang til aktivitet og idrett enn ein idrett, så hadde fleire forsett med fysisk aktivitet på eit eller anna plan, eller kanskje ein anna idrett, fordi dei har prøvt noko anna enn berre ein ting.Så at idrettslaget no skal sette ned gruppe for å sjå på planer for Reed Stadion og forhåpentlegvis får utvida areal for den tankegangen, vil vere ein stor mulegheit for Reed og idrettslaget til å tenke framover i fleirbruks-vyer. Melder meg som interessert og kreativ deltakar i ei slik gruppe, men navnet mitt diskvalifiserar meg vel ganske fort,blant mange i denne bygda?

Det du Gudmund skriv her er heilt rett. Det er monge som kritiserar den dritlukta som ligg over bygda med jamne mellomrom, men som den fantastiske, og kansje beste jordbruksbygda i Sogn og Fjordane, så må ein tolerere slikt.
Eg blir alltid så glad når eg er ferdig med Våtedalen og kjem til Egge og ser Breimsbygda brettar seg ut i all sin venleik. Eg tenkjer ofte på at dette må vere noko av det beste ein kan sjå av jordbruk på Vestlandet.
Eg har og inntrykk av at Breimingane er glad og stolte av bygda si, og berre det er positivt for fortsatt framgong for bygda.

Men der er ein ting som er gløymt, og det er den store artisten, og kjendisen som de Breimingar har, og det er Sigrid Terese Moldestad.
Ho er ein profilert person som set Breim på kartet, og det er ei reklame for bygda som ikkje kan kjøpast for pengar.
Etter at den siste plata hennar kom på marknaden er ho spelt heile døgnet, både på lokalradioen, men kansje endå meir på dei riksdekkande mediane. Eg har ikkje så godt greie på musikk, men akuratt ho likar eg å høyre på.
Dette vart kansje mykje skryt, men vi kjem lengst med å vere positive og heller gløyme det negative. Men faktum er at eg kjem ikkje på noko negativt når det gjeld Breim akuratt no.

Det har du rett i Johannes, Sigrid driv mykje god Breims reklame.
Eg trur og at ein har mykje større sjanse å få fleire til å ville busette seg i bygda om ein trekkjer fram det positive.

Annonse

Nye bilder