Bygdeutviklingspris til Breim.

Sogn og Fjordane fylkeskommune sin fylkespris for Idérike Bygdesamfunn 2009 er tildelt Breim og Breim Bygdeutviklingslag.
Breim henta heim prisen i skarp konkurranse med Oppstryn, Viksdalen og Vevring i finalen, og sikra seg 30.000 kroner og eit spesiallaga diplom som bevis på utmerkinga.
Juryen peikar på Breim som ei bygd med lange tradisjonar for å drive dugnad til beste for utvikling av bygda.
Breimstafetten, Byrkjelo Games, nasjonale friidrettsstemne og Norsk countrytreff er døme på tilskipingar som understrekar bygda sin vilje og evne til å dra lasset i lag på tvers av lag og organisasjonar, alder og kjønn, heiter det i grunngjevinga.
Juryen framhevar spesielt bygda si målmedvitne satsing på tiltak for barn og ungdom, kor Breim kan vise til langvarig og godt arbeid.
Juryen rosar og dei positive haldningane i bygda.
Juryen meiner dessutan at utviklingslaget har ei aktiv rolle for å sikre og utvikle lokale arbeidsplassar.
Positive haldningar er viktige i alle lokalsamfunn for å satse og ha tru på framtida, forklarer juryen.
Prisen for 2009 vil bli delt ut under fylkestinget 8. desember. Den er på 30 000 kroner.
Kva meinar medlemane om ein slik pris og kva bør prispengane nyttast til?
Korleis kan bygdeutviklingslaga verte best mogeleg pådrivarar til utvikling i Breim? Vi har i dag Breim Utviklingslag, Byrkjelo Ide og Utviklingslag og Breim Bygdeutviklingslag.

Vist 784 ganger. Følges av 6 personer.

Kommentarer

Kjempeflott og fortent at Breim har fått ein slik pris. Bygda har totalt stått for svært mykje over mange år når det gjeld arrangemang, og dugnadsånd. Noko som svært mange i bygda har deltatt i og omgjevnadane har lagt merke til. Vi har og har hatt sentrale ildsjeler i denne bygda som har gjort dette muleg over tid, kanskje er det arveleg. Like viktig er det at vi går vidare som ei samla bygd (med to sentrum), men kva er definisjonen på det? Ser på Nrk Sogn og Fjordane sine sider, at anonyme folk frå øvre del av bygda stemplar enkelte av den nedre del av bygda som dei som heng igjen når det gjeld å få samhold i bygda, med gamle holdningar. (Reknar med at eg er ein av dei de siktar til, men då kjenner de meg ikkje, verken i fortid eller nåtid, berre prøvt og tolka meg).Stå fram folkens, anonymitet er feigt, då kan ein meine ka ein vil, og ellers halde kjeft. Skal denne bygda få meir samhold og ikkje meir splitting, trur eg at FLEIRE enn vi frå nedre del av bygda må sjå på sine haldningar til våre sambygdningar, og at den bygda vi bur i som totalt heiter Breim, også har ein nedre del som vil vere med, på lik linje med øvre, ka det enn gjeld.(men no har eg vel vore FOR nedre breimning igjen, eg bur her, har historia, og håpar at vi kan bli likestilte.)

Dette var bra jobbet,lkke til videre::::::::::

DETTE VAR BRA JOBBET ,LYKKE TIL VIDERE::::::

Dette er jo strålende og bekrefter følelsen av at vi utflytterne snarest må komme oss hjem til røttene våre.
Forslag til bruk av noen av pengene.
Jeg har alltid savnet et skilt som angir navnet på gårdene i Breim. For eksempel Egge, Gåsemyr, Strand etc. Dette håper jeg kan bli en av aktivitetene på prioriteringslisten. Det blir mange skilt, men et løft for imagen til bygda.

Gratulerer – opplever at Breimområdene med sin brede dal har et utvidet kultursyn med Eggenipa som optimistisk veiviser. Bygda verner om sine tradisjoner samtidig som de slipper nytt blod inn. Da utvikles sunt mangfold. Samfunnet får flere bein å stå på. Det sosiale livet blir mer spennende. Stig

Hei. Når det gjeld pådrivere for utvikling i Breim ser det for meg ut til at vi har spredd ressursene våre på for mange lag. Mitt forslag er at det etableres ett slagkrafrig organ med en godt gjennomtenkt formålsparagraf med vedtekter, som ivaretar de krav og forventninger vi alle har til utvikling i hele Breimsmygda.

Gode innspel Jon Steinar. Reknar med at mange pådrivarar plukkar med seg idear som kjem langs med.
Kva forventningar hadde du til det 3-årige bygdeutviklingsprosjektet som Breim Bygdeutviklingslag deltok i og vart evt. desse tankane innfridde? Korleis ynskjer du utviklinga i Breim framover og kven skal eigentleg bidra?

Annonse

Nye bilder