| Velkomen til Breim si sone!
Flyttesalg hos Sandane RørEg er langtidssjukmeld og ønsker då å flytte til mindre lokale – då skal eg ha salg på (nesten) alt i butikken. Er du “handyman” …finn du deg sikkert noko du kan nytte deg av. Har og nokre brukte ting. Noko er til og med GRATIS. (sjå bilder på linken under – NB: Det kjem meir utover veka) Utanfor butikken står det og gratisvarer – eks 17mm kovaskåler og anna “småting” – berre å forsyne seg :-) Etterlysing....Hallo godtfolk i Breim og nærliggande sokn. Eg syner til ei noko dramatisk overskrift av den enkle grunn at no står eg i beit for løysingar. Ingen er bortkomen eller på annan måte ikkje der dei skal være, men eg er altså på ei autofil jakt som med tradisjonelle metodar har synt seg resultatlaus. Eg søker i utgangspunktet ein delebil av typen Datsun 720 pickup. For nokon også kjent son Nissan KingCab. Rust og skråmer, skilt eller ikkje har inga betydning då det er drivverk som er det viktige, fortrinnsvis ei girkasse til diesel. Om ein sit på annan pickup av japansk opphav frå tida opptil 1985 er det av interesse so lenge den startar. Synfaring og henting vert ordna, og sjølvsagt kontant i neven. CountryKnutepunktstatus til Breim, Gratulerer! Meld deg inn i valsona for GloppenDagen derpå....
Etter gudstenesta på 17 mai i Breim, var det nedlegging av kransar ved dei to minnestøttene over falne i siste krig. Dette er ein god og fin tradisjon. Diverre ser vi mindre og mindre av sjølve minnesmerka, og for å lese skrifta må ein bakom “buskaset”. Eg kan ikkje sjå at desse buskvekstane i fronten av støttene har noko der å gjere, og oppmodar soknerådet om å få dei fjerna. Det har vore meininga å ta bilde av minnestøttene til bruk i jubileumsboka om idretten i Breim, men då må ein kunne lese det som står skrive der. Gebyr på giro ifrå legesenteret - likar det ikkje !Min far har vore på legesentertet- betalingsterminalen var i ustand (visstnok ikkje første gong) – då er det urimleg og direkte feil at bruker (passient) skal betale 45 kroner i gebyr for girobetalïng. Alpinkurs for damer!Har du lyst til å lære deg å stå på slalomski eller treng ei oppfrisking av gløymde kunster? Vi gjentek suksessen frå 2009 og arrangerar nybyrjarkurs KUN for damer fredag 28. og laurdag 29. januar. Vi vil ha bakken heilt for oss sjølve og disponerer det nye barnetrekket fredag og barnetrekk + hovudtrekket laurdag. Er du usikker på om dette er noko for deg, treng du ikkje bekymre deg for utstyr etc. Breimsbygda Skisenter stiller med gratis utlån av tipp-topp utstyr som du får låne fredag og heile laurdag. Heiskort er og inkludert i prisen. Oppdatering SkiinfoI fjor vinter påpeikte eg at det på Nrk sogn og fj. sin Skiinfo oversikt mangla Breimsbygda Skisenter, no e dei komne med men som einaste skisenter har dei framleis ikkje oppdatert noke denne sesongen. Når ein betalar for å vere med og ikkje minst for å dra skifolket te Utvikfjellet, so burde ein vel oppdatere jevnleg? Nøtteskrike på fuglebrettetKanskje ikkje så uvanleg med nøtteskrike på brettet, har hatt ekorn og…men kjekt å “fange” med kameraet… :-) Fantastisk reklame for bygda!Fekk du med deg tv-programmet på onsdag kveld (midt i beste sirkeltreningstid) om “Folk som flyg”? Her får vi følge ekstremsportutøvarar frå Voss med mellom anna Franz Midtun i spissen som testar ut nye reiselivsprodukt innan ekstemsport. Planen er å bli droppa ut i falskjerm over Snønipa for deretter å flyge paraglider ned i Myklebustdalen. Dette er spenstige planar :-) Det nye bustadfeltet på Reed.Nytt bustadfelt med påfølgande liv og røre vil vere ei gode for Reed sentrum. Det planlagde bustadfeltet i Hetlebakkane i Reed sentrum møter på nytt ei utfordring før ei eventuell realisering. Bli med på kurs ...helsing Lars Bjørkeland mobil: 90065510 Video-redigeringskurs startar no... 3 kveldarDenne videoen laga eg for 5 år sidan – dette er ikkje så vanskeleg som du kanskje trur…. SkrivekursSogn og Fjordane skrivelag inviterer med dette til kurs på Nordfjordeid laurdag 30. og sundag 31. oktober. Kursstad er Bryggen hotell på Nordfjordeid. Vi har lagt opp til eit kurs der kvar og ein kan arbeide med eigne tekstar/skriveprosjekt, og legg opp til samlingar der vi les og diskuterar tekstar etter ynskje og behov. Kurset skal ha fokus på eiga skaping og produksjon, og er tenkt som eit inspirasjonskurs for vidare skrivearbeid. Som ein del av dette vil vi utfordre kursdeltakarane til å bidra med 5-minuttars innlegg om sin skrivekvardag, med stikkord som skaparglede, skriveglede, skrivevrede, skrivesperre, dørstokkmili, forfattarspiren inne i ein osv. osv. Vi vil oppfordre til at flest muleg deler litt av sine eigne skriveerfaringar. Dette vert sosialt og moro! Klokke funnetFjellsko etterlyst frå Eggenipa Opp.
Her kjem vinnar av dameklassa i årets Eggenipa Opp, May Britt Buer, fram til andre drikkestasjonen. I dette området hang det, då biletet vart teke, eit par fjellsko av merket ASOLO i eit lite tre. No er det nok meir vanleg å ha med seg sokkebyte på fjelltur enn skobyte, men likevel -. Dama som eig skoa, og som var med i Eggenipa Opp, fann etter kvart ut at ho ville gå rundturen nedatt frå Eggenipa – ho kom såleis ikkje attende til skoa sine denne dagen. Då ho i dag gjekk til fjells att for å finne skoa, så var der ingen sko lenger. Om nokon har funne skoa – og teke vare på dei, så meld frå til meg på tlf. 958 44 916. Eigaren vert så glad om ho får att skoa sine. Dusør vert gjeve – ei drikkeflaske med Eggenipa Opp-logo på. Dei gamle løypestrengane i Breim.Dei siste vekene har eg på ny møtt på fleire av dei gamle løypestrengane. Strengane som var strekte opp over i fjellsidene for å frakte ned til gards både gras og andre nødvendige råvarer som garden måtte hauste i fjellet. Dei fleste var tjukke strengar som no ligg nede på bakken som t.d. rett før feriste, forbi Egge(Styggefjellet). Fleire nytta dei vel og for å få inn graset frå bratte innmarksbøar, t.d. Kvellestad på Egge. På Strand inn forbi jølet, kor råsa mot Vora går oppover i lia. Då eg kom på retur ifrå Bergheim inn lia kom eg over ein artig streng. Den går opp lia, opp forbi rasteplassen i Strandaura. Langt oppe i lia heng den fortsatt høgt oppe i lufta. Eg mistenker nok at veksande tre har løfta den opp att og strekt den skikkeleg stram. Løypekatten heng fortsatt oppe i strengen som er av tvinna tjukk vaier. Ikkje ruste i det heile og den tynne vaieren ligg rett under på bakken nedover lia. Tenkte med meg sjølv på berre slitet som skulle til, for å i det heile å få denne vaieren motabakka. Skulle vore interessant å vete litt meir om korleis desse strengane fungerte og historia kring dei. Byrkjelo stadion på sølvfat.
Dette fatet “dukka opp” på Hjelle nyleg, og ein trur at det er Mons Hjelle (1930-1989) som har fått det. Fatet er omlag 35 cm i diameter. Det er gravert inn idrettsbane, treningsbane/skøytebane, skule og samfunnshus. Det var på siste del av 1950-talet arbeidt med planer om samfunnshus, eit samarbeid mellom Losje Vora, Byrkjelo ungdomslag og IBIL. Spørsmålet er om nokon veit i kva høve, og kva tid, dette fatet vart gjeve. Og kanskje det finnst fleire slike fat i bygda? Breim
Følges av 249 medlemmer.
Velkommen til Breim si sone Mer om sonen Breim er en sone på Origo. Les mer Annonse | |||||||||||